Mesterlege Straumsnes Bygg

Feb 5, 2026

Straumsnes Bygg vart starta i 2011. - Vi starta opp etter at BM Byggservice forsvann ut, og vi er eit familieeigd AS, med to brør i selskapet, resten sit i styret. Vi er 12-13 tilsette no, fortel Svante Åsnes Tømmerbakke, dagleg leiar i byggfirmaet som held til Dale. Vi har vore opp i nesten 30 tilsette. Då var vi rigga for større prosjekt. No leiger vi inn folk ved behov. 19 nye einebustader har han rekna seg fram til at det har vorte, og eit ukjent tal større rehabiliteringsjobbar på eksisterande bygg. Akkurat no har vi to lærlingar, den eine skal snart ta fagbrevet. Sidan starten har vi hatt 9 lærlingar som har tatt fagbrev.

Sjølv gjer Svante alt frå å rekne på anbod til å være ute å snikre. Å gje rett pris i eit anbod krever god kjennskap til alle prosessane, og per no er det berre Svante som gjer denne jobben. Straumsnes Bygg har avtale med Mesterhus-kjeden, men det er sjeldan kunden ynskjer å ha huset akkurat slik det står i katalogen.

Ein viktig ressurs

Som teknisk tegnar i Straumsnes Bygg tar Veronica Myklebust gjerne utgangspunkt i eit ferdighus og tegnar det om etter kunden sine ynskjer og behov. - Kjøkkenet er ofte hovud rommet, så når eg skal teikne eit hus frå starten av, likar eg å starte med kjøkkenet i huset. Det er kjedeleg å mangle 5 cm for å få det slik du vil, eller at plassering av vindauget hindrar at det blir heilt perfekt.
I tillegg til å tegne heile hus, kan ho ta på seg mindre oppdrag, som å tegne ombyggingar, enkelte rom som kjøkken, eller hjelp til å sende byggesøknad. - Mange byrjar sjølv, men treng hjelp, det er mykje som skal sjekkast ut og sendast inn. Veronica er ofte den som då tek over søknadsprosessen. - Her må ofte små tiltak søkast om, mykje fordi det ikkje er ein reguleringsplan, det er LNF område eller 100 meters beltet. Det er ikkje berre å begynne å bygge. I ein dispensasjonssøknad må fordelane vere større enn ulempene, og ein fordel kan vere at det skal bu folk der, og at det ikkje skal stå til nedfalls.

Fleksibilitet og kreativitet

Vi jobbar mest med rehabilitering og tilbygg no, fortel Svante. Det er meir renovering av eksisterande hus no, enn bygging av nye. Det er ikkje så mange tomter ledig, så det heng saman. For Veronica er dette ofte dei kjekkaste prosjekta. Ho har òg utdanning frå fagskule, og kan hjelpe med materialval og møblering. Før ho byrja her selde ho Sigdal kjøkken i ti år, og Sigdal kjøkken ligg inne i avtalen med Mesterhus. Ho presiserer at ein kan velgje andre kjøkken òg, og ho kan lage teikningar som ein så tek med seg dit ein ønskjer.

Vi er veldig fleksible på kva jobbar vi tar, forklarer Svante. Vi har eksempelvis gjort endringane på bygget til Hywer, og Pinbox sitt kontorbygg i Flekke. Der la vi og mikrosement på golva. Så vi har litt erfaring med mikrosement. Det er eit alternativ til andre typar golv. Ein kan lage overflata med mønster eller uten. Mikrosement kan og brukast på våtrom. Då krev det same underlag som for flis. Å fjerne bærande vegga er heller ingen problem. Ein løyser det meste med stålbjelkar. Huset kan blir totalt forandra. Det kan bli mykje meir opent, ein kan få inn mykje meir lys, så det kan vere vel verdt det.

Samarbeid

Straumsnes bygg samarbeider med lokale bedrifter på både nybygg og rehabilitering.
Dei er ein lojal innkjøpar av materialar hos Byggtorget i Dale. Dei gjer ikkje så mykje betongarbeid sjølv lenger, og leiger inn Olset Entreprenør eller HAFS Betongbygg til mesteparten av betongarbeidet. Fristad Elektro, Blikås Elektro, Hafs Elektro og Rør, Helle Rør, Skår VVS, Jarstad Rør, Kåre Haaland, MK Myklebust, Et Hage og Anlegg, Vest Entreprenørdrift og Vestbygg er andre ultralokale samarbeidspartar

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst