Ny krig, nye konsekvensar

Mar 26, 2026

Krigen i Midtausten fører til auka drivstoff- og gjødselprisar, og ei næring som blir omfatta av begge desse faktorane er landbruksnæringa. Vi har difor snakka med nokre representantar for næringa.

Ung, nyoppstarta og sårbar

Sondre Haugen er ung og relativt nyoppstarta bonde i Dale. Han bekreftar at han får ein betydeleg auke i direkte kostnader på grunn av denne krigen, som han ikkje trur vil ende om kort tid. Men han trur ikkje det blir berre desse kostnadane som aukar. Det vil nok komme andre ting som òg aukar i pris, som følge av auka transportkostnader. Han snakkar om innsatsfaktorar, altså anna som krevst for å produsere mat. Sondre er kjøtprodusent.

Samdrift på Straumsneset

Kjartan Årsnes som har vore bonde sidan 95, er ein del av samdrifta SMOK på Straumsneset. SMOK står for Straumsnes mjølk og kjøt. Kjartan nemner akkurat det same. Det er ikkje berre gjødsel som trengst. Her skal det leverast kraftfôr, anna fôr, ensileringsmiddel og kalk. Han uroar seg for at transportkostnadane vil auke, når drivstoffprisane går opp so merkbart.

Kostnadsauke utan inndekking

Begge to nemner dette med at bonden ikkje berre kan auke sine prisar. Når kostnadane går opp, har dei ingen stader å hente dei inn igjen. – Då må det vedtakast noko politisk, svarer Sondre. Eller at Nortura betaler meir for kjøtet. Det er lite sannsynleg, då dei òg kjem til å få auka kostnader.

Kjartan forklarer: - Den prisen vi får er fastsett i jordbruksforhandlingane. Det kan være positivt, for det betyr at vi er sikra ein pris på det vi produserer, men er det ikkje når kostnadane no aukar på fleire frontar. Erfaring tilseier at prisane går raskt opp, men det tar lang tid før dei går ned igjen.

Samtidig er begge to mest bekymra for tilgangen på gjødsel, det vil seie at det blir stopp i tilgangen på dei viktige komponentane frå Midtausten. På Straumsneset brukar dei ikkje berre kunstgjødsel, men utan kunstgjødsel vil avlingane bli mindre.

Tomme tankar før våronna startar

Så kva kan ein som bonde gjere med dette? Begge to har sikra seg gjødsel for det kommande året. Det er det vanleg å gjere. Dei har òg gardstankar med Diesel, men begge to fortel at dei kjem til å gå tom før våronna startar. For Sondre er det snakk om eit årsforbruk på 4-5000 liter, for Kjartan og Co ca. 10 000 liter diesel. Begge slår graset på fleire bruk enn sine eigne, men har heldigvis ikkje dei aller største avstandane bruka imellom. Sondre slår 8 bruk inkludert sine eigne, og Kjartan og sine samdriftarar held seg mest på Straumsneset, med unntak av eit bruk i Flekke. Andre får det nok verre slik. Uansett, dei auka kostnadane som kjem no, vil dei ikkje kunne få dekka før neste utbetaling av tilskot. Dette kjem våren 2027.

Auka kostnader, Auka tilskot?

Vi slår difor på tråden til Bjørn Inge Flo i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det viser seg at han sit i møte på Gardermoen, der dei førebur styret på kva som må med i jordbruksforhandlingane som startar i april. - Vi har absolutt fokus på dei auka utgiftene bøndene står overfor no, svarar han på spørsmålet vårt. *Om det no blir ein reduksjon i CO2 avgifta på anleggdiesel på rundt 2 kroner, så hjelper det litt, men ikkje nok. Andre innsatsfaktorar er det vanskeleg å gjere noko med. Dersom dei no får gjennomslag for auka tilskot, får dette verknad frå 1.januar 2027.

Angrar ikkje

Sondre er sårbar som nyoppstarta bonde, men angrar ikkje på yrkesvalet. Det gjer heller ikkje Kjartan, men han er «utruleg glad» for det valet dei gjorde i 2007, då dei la om til samdrift. No har dei ordna ferie og fritid, men dei er og fleire som kan arbeide i lag når det trengs. Økonomisk har nok den fordelen som var der i starten, jamna seg ut. Samtidig er det sikrare å være fleire. Han trur ikkje nokon av dei hadde vore bønder no om dei ikkje hadde gått for samdrift. Vi har avtala besøk hos begge i månadsskiftet april/mai.

*No er det avgjort eit mellombelse avgiftskutt som betyr eigne kutt for næringslivet. Det vil seie kutt i CO₂-avgifta for anleggsdiesel, autodiesel, innanriks sjøfart og fiskeflåten, som utgjer 2,85 kroner per liter diesel.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst