Bli kjent med Evy i Preform

Vi har prata med Evy Singstad som er ny leiar i Preform, og vi konstaterte raskt at ho er ein ambisiøs leiar som vil mykje på vegne av selskapet. Sjølv seier ho at ho er omgitt av minst like ambisiøse folk. Det lovar godt for Preform. Evy tok over som ny dagleg leiar i oktober i fjor, etter ein anna ambisiøs leiar, Ingrid Hansen.
Evy fortel at ho faktisk var litt usikker på kva ho hadde takka ja til. - Men så har eg berre vorte så overvelda, overraska og imponert over denne bygda og dei eg jobba saman med. Alle bygder kan sei at dei har nokon som jobbar med kultur, men det er ikkje på dette nivået. Her er ein sånn utruleg optimisme, og dei er minst like sjølvsikre på kva dei kan få til her som i Bergen. Eg blir veldig glad av det, og motivert. Det stemmer med omtalen ho får av tilsette, som ei blid dame med mykje omsorg og humor.
Lokal tilknyting
Det viser seg at ho ikkje er heilt ny her. Faren hennar var herifrå, og ho bur faktisk i det huset han vaks opp i på Kjøsneset, på Hellevik. Der bur ho saman med to “kunstinteresserte kattar”. Ho har ein mann i Bergen, men etter ein lang arbeidsdag er det dei to kattane ho overtok frå tidlegare leiar på kunstnarsenteret på Dalsåsen, Arild Skarsem, som tek imot ho. Dialekten avslører at ho har vakse opp på Sunnmøre, nærare bestemt på Sykkylven der mor er frå. Ho fortel kort om alliansen mellom kristenfolket og arbeidarane som gjorde at det var lite uteliv der. Difor har ho vore mykje på “Fjorda-rall” til Strandarane, som dei kalla “Bøvels”, kva no det kan bety. Ho flytta heimanfrå då ho var 18 og fór til Bergen. Utdanning og vidare yrkesveg vart der.
Kunnskap og erfaring
Det som gjorde at ho fekk denne jobben, er ifølge ho sjølv, jobben ho gjorde for BIT20 Ensemble, eit samtidsmusikkorkester i Bergen. Ho jobba òg tett saman med det som heitte Opera Vest, no Bergen nasjonale Opera, og ho var med og organiserte den første Borealis Festivalen. - Vi dreiv med eit konglomerat av ting for å få det økonomiske til å gå opp, ikkje ulikt det Preform gjer. Eit anna likskapstrekk er orienteringa mot det som er nytt i kunsten og i samfunnet.
Stein Olav Henrichsen var hennar sjef, mannen som til slutt lukkast med eit nytt Munch Museum. Ho har lært mykje av han. Og så har ho jobba innan forlagsbransjen, i Manschou Forlag [Mangskau], blant anna med å skaffe forfattarane merksemd, «pitche» dei som ho seier. No passar ho på å promotere kunstnarane i residens, når ho er i Bergen og ho brukar det nettverket ho har. Nokre av dei tidlegare medstudentane frå studentradioen, er ofte å høyre på NRK. Om tida som kultursekretær på Fedje seier ho. – Det var ein gøy jobb. Ein kjem inn i samfunnet på den beste måten. Eg var med på å arrangere overgangen til år 2000 og har mi beste nyårsoppleving derifrå. Vi stod der i blåsten og song med heildekkande dressar til ein brennande varde. Kommunane vart oppmoda til å ta det historiske varslingssystemet med vardar i bruk, og det gjorde vi.
Preform i praksis
Så korleis vil ho bruke alt dette i jobben som dagleg leiar i Preform? Ho forklarer at ho er oppteken av å skape eit godt produksjonsmiljø, samtidig som ho er oppteken av dynamikken mellom kunstnarane og bygda. Kunstnarane som er her i residens er i ulike fasar. Nokre av dei er komne så pass langt ut i prosessen at dei er klare til å gje noko til bygda i form av ei oppleving eller læring, andre ikkje.
No skal UWC elevar i møte med kunstnarane, bruke sine bakgrunnar og skape noko nytt. Neste gang kan det vere ungdomsskuleelevar. - Eit møte med ein kunstnar kan påverke blikket du ser samfunnet gjennom. Difor er dette så viktig.
Ho forklarer Preform som eit nav i samarbeidet mellom Jakob Sande Senteret, Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen (NKD), Teaterfestivalen i Fjaler og andre lokale aktørar. - Vi har ansvaret for å gjere det mogleg for kunstnarar å bu og arbeide på bygda. - Preform er residens og produksjonsmiljø for kunstnarane, og vi er populære. Dette er første året med ordinær drift på dette feltet. Oppstart var i fjor, forklarer ho. Allereie første året produserte dei meir enn forventa, og i år gjekk dei langt over. Dette blir målt i kor mange døgn dei har kunstnarar i residens. 150 døgn var forventa, men dei kjem til å ha over 200 i år. Som produksjonsstad for scenebasert kunst, kjem det mange frå sceneverda. No har dei organisk vekst.
Siri Helle kjem ut i frå eit av romma bakerst i Samvirket. Ho held på å lese inn lydbok av boka si "Grasboka - historia om vekstane som gjev mennesket plass i naturen.", og Evy lurer sjølvsagt på kva forlag ho er på. Siri skal ha lansering av boka same kveld, men lydboka blir ikkje tilgjengeleg før om eit års tid. Årsaka til det veit Evy ettersom ho kjem frå forlagsbransjen.
Kem e Evy?
Så kven er Evy elles? Ho fortel at ho jobbar mykje, og at ho elskar å komme på jobb på Samvirket. Det er eit vitalt og godt miljø å være ein del av. Ho saknar ikkje noko, men skulle ho finne seg eit fritidssyssel, så kunne det vere å synge i kor. Ho har sunge 2.alt i reint kvinnekor i Bergen. Ho er òg glad i å reise og lære nytt om andre kulturar. Venninnegjengen vel gjerne reisemål litt utanom det vanlege. Dei har vore i både Iran og Oman, og dei litt “rare” austblokklanda. Romania står endå på ønskelista.
I Iran besøkte dei ein tidlegare kollega, like etter at Obama inngjekk atomavtalen med Iran. Ettersom dei berre var kvinner, kunne dei iranske kvinnene snakke med dei. Dei kom i dialog og lærte mykje. - Kvinnene utfordrar heile tida grensene, og det er på dei du kan sjå kor strengt regimet til ei kvar tid handhevar morallovene. Det var rørande å sjå kor kjærleg mennene hjelpte til med sløret, i det flyet landa i Teheran. Unge menn kom bort til dei og sa: It`s forced upon us.
Og så er ho oppteken av sikkerheitspolitikk. Den interessa kjem nok frå tida då ho studerte samanliknande politikk, og frå faren som var ein «lesande mann» og veldig kunnskapsrik. Ho fyljer nøye med på kva Trump styrer med, og er opprørt over uttalen om å øydelegge ein heil sivilisasjon på ei natt. - Iran er eit kulturland utan like, med eit nydeleg folkeferd.
Og vi kan berre anbefale å prate meir med Evy.


