Meir betong

Dec 9, 2025

Vi har flytta oss litt bortover vegen til HAFS Betongbygg og møter Eivind Antonissen. Her bygger dei hus, fjøs og alt som behøver betong. Det kan være tunnelarbeid eller rassikring. - Vi er dei einaste som driv med reint betongarbeid, men vi tar òg på oss tømrararbeid, litt meir no enn før på rehabliteringsprosjekt, forklarer Antonisen.

Når det gjeld bygging av kraftverk er det nesten stopp no i forhold til før. Det har vore kraftverk etter kraftverk i 13 år, og ikkje berre for Hywer. Nytta har høyrt at det gjerne er kraftprosjekta som ligg vansklegast til som står igjen no.
- Det er då vi kjem inn. Då sjekkar vi korleis vi kan løyse det innanfor rammene. Det er mykje rennande vatn som må i røyr, meiner han. - Når du ser kor skånsomt vi kan levere eit anlegg i dag…Det er mykje mindre inngrep i naturen no enn før. Vi bygger veldig skånsomt no.

HAFS Betongbygg har elles jobba fleire stader i landet. På Voss, i Odda med rehabiliteringsarbeid på ein dam for Statkraft, og i Modalen er dei no på eit kraftverk for Modalen Energi. På den lokale arbeidsmarknaden er det meir pressa. - Dei vi klarte å stenge i tunnelen før, dei finn no ein veg igjennom, ler Antonisen. Men no er det ikkje slik at vi ikkje samarbeider. - Jølster Betongbygg samarbeider vi ofte med. Vi har same filosofi på korleis vi må gjere ting. Vi leverer ofte inn tilbod saman med MK Myklebust, og vi har eit nært samarbeid med Vestlandshus.

Vi er ikkje miljøsertifiserte i dag, men det har vore diskutert. Det blir ikkje tid til å sette seg inn kva som må til. Her anar Nytta at det kan stemme for fleire, og vil undersøke om vi kan være til nytte. - Det blir litt papirarbeid, men gir deg kanskje auka konkurransekraft, meiner Andreas. Apropos papirarbeid. Antonisen skryter av sin kontakt på Accountor. Han veit korleis eg tenker. Vi får gjort mykje på ein formiddag.

Men kva er dei store utfordringane for verksemda? - Lokal arbeidskraft svarer Antonisen utan å nøle. Han har 9 mann no, men leiger inn ved behov. Tidlegare hadde han 3 nøkkelpersonar frå Polen. No er to av dei reist heim, men sistemann har vore her i 12 år og er ein kjemperessurs. Han har óg ein fast tilsett frå Ukraina og ein annan på språkopplæring, og er svært fornøgd med alle saman.

Sjølv har Eivind jobba 33 år i bransjen, 27 eller 28 år i betongbransjen. Han har fagbrev som tømrar også, men det er betongarbeidet som ligg hjartet nærmast. – Med betong har du berre ein sjanse. Blir det feil må du rive alt ned igjen og begynne på nytt. Det må gjerast skikkeleg frå starten av. Ellers kan det være utfordrande med tøffe vintrar. Det er vanskeleg å støype på is, flirer han.   
Her om dagen fekk han ein lite kjekk telefon: - Eivind, kranbilen din ligge på taket og Magnus sitte fast inni. Det løyste seg, men han veit enno ikkje om bilen kan reparerast. Dyre ting skjer fort. Eksempelvis når dei bygger i småelvar. Dei er eksplosive. 20 meter med ferdig forskala vegg vart nyleg tatt av ei slik småelv. Ein må ta høgde for risiko, men kan ikkje legge inn for mange sånne. Då får du ikkje jobben.  


AI-oversikt
Betongbygg er interessante grunn av uendelige arkitektoniske muligheter (form, farge, mønster) og robusthet (lang levetid, lite vedlikehold), samt sterke miljøfordeler som energieffektivitet, brannsikkerhet, CO2-opptak og resirkulering. De er bærende for samfunnets infrastruktur (veier, tunneler, vann), tilbyr god lydisolasjon, og kan tilpasses både industrielle og estetiske behov

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst