Hos Hansen - Historia om ei forenkling med stor betydning
Dec 3, 2025
Historia frå Hålandsfossen
Eventyret starta ved Hålandsfossen og kraftstasjonen der Ysse, forløparen til Sunnfjord Energi, brukte kartotekkort for å handtere kunde- og målepunktinformsjon. Då Ove Myklebust byrja å jobbe der, ba han om å få forenkle ved å lage eit datasystem. Det gjorde han med den DOS-baserte programvara DataIS. I 1992 etablerte han selskapet Elis (El+is). Selskapet utvikla programvare for kraftbransjen, dataverktøy for avrekning og fakturering mot straumkundar. I 2003 omsette dei for 22 millionar kroner, i 2009 for 54 mill.
- Tilbake på 90-talet vart avrekning gjort ein til to gonger i året. No er vi nede på kvart femtande minutt, fortel utviklingsleiar Ove Systad. Det er klart at denne programvara har hatt stor betydning for utviklinga. Ikkje berre forenkla ein faktureringa, men ein fekk òg kontroll på kor mykje strøm som kom inn og alt som gjekk ut.
Etter 20 år blir Elis til Enoro i 2012. Kundane er kraft- og nettselskap, men òg multinasjonale energiselskap og systemoperatørar. Dagleg leiar var då Edgeir Aksnes, no kjend for verksemda Tibber. Eit anna kjent navn frå historia om Elis og Enoro er Johnny Haugsbakk som i dag leiar Metzum.
Ein internasjonal kvardag
Det er Ole-Ronny Øen som drar historia for oss. Vi sit inne i det julepynta lokalet til Hansen Technologies i 2.etasjen på Dale Senter, saman med Ove Systad, Ole Ronny Øen og Ann Kristin Torsheim Ask. Ole-Ronny fekk nyleg "gullklokka" som ein får ved 25 års fartstid. Han leiar no eit team som blir kalt DevOps som held til i Norge og Finland, og har ansvaret for oppdatering, drift og vedlikehald av kundemiljø. Ann Kristin har vore i selskapet i 18 år og er senior prosjektleiar. Ho jobbar i eit felles team på tvers av begge produktlinjene i Norden, med prosjekt relatert til programvara som starta med Elis applikasjonen. Ove Systad er utviklingssjef og ansvarleg for forskning og utvikling (R&D) med avdelingar i Norge, Sverige, Finland og India. Då dei i 2016 landa storkunden Fortum, var alle tre med. Dei jobba med prosjektet i 2 år og heldt datoen for lansering. Då måtte den finske direktøren ta bussen frå Espoo/Helsinki til Dale, slik han hadde sagt han skulle gjere om dei klarte det.
I 2017 vart dei kjøpt opp av av det australske selskapet Hansen Technologies. Dei har avdelingar over heile verda. I dag er alt eit selskap med to produktlinjer. CIS(CustomerInformationSystem) og MDM (MeterDataManagement)
Ja det går mykje i engelsk, og til litt forskjellige tider på døgnet. Denne dagen har Ole-Ronny hatt møte med USA avdelinga kl. 07:00 og kvelden før med Hansen Australia kl. 22:30, men han meiner dei er flinke til å tilpasse seg norsk tid. Dei har ikkje møte midt på natta.
Viktig aktør
Det er ikkje slik at vi er ei lite brikke i det store systemet, legg Ove til. Tvert imot er vi ein betydeleg aktør. Ein stor del av arbeidsstokken sit i Norden. Akkurat no skal vi ha 4 nye stillingar i Noreg, og gjerne til Dale. Men det viktigaste er å få akkurat den kompetansen dei treng. Så er du ein Senior Software Developer er det berre å søke, sjølv om annonsa ligg under Oslo. Det er ein utfordring å synleggjere at denne også kan jobbe her.
Utviklingssjefen fortel at dei har vore tru mot den arkitekturen systemet er bygd på. Eit system som er oppbygd rundt kjennskapen dei har til kunden sitt behov. Men det blir gjort moderniseringar. Å tilpasse systemet til nye rammevilkår tar tid. Når ein gjekk over til avregning kvart femtande minutt, jobba ei prosjektgruppe på 10 med dette i 18 månader. Då strømstøtta skulle utformast, var Hansen Dale ein av initiatorane. Og når Norgespris vart lansert, krevde det mykje programmering. Denne gangen klarde dei det på eit halv år.
Vi forlet kontoret med litt større forståing av kva dei driv med og eit ønske om å bidra til at det skal komme endå litt fleire flinke folk til Fjaler.



