Hels på det nye Helsehuset

Midt i Dale sentrum blir det tidlegare bankbygget no forvandla til det nye Fjaler Helsehus. Fjaler kommune blir leigetakar av bygget, som både blir rehabilitert og bygd på for å bli tilpassa helsetenestene som skal inn.

Huseigar Hallvard Skadal tek imot oss i eit byggemøte der framdrift og løysingar blir diskuterte saman med byggeleiar, arkitekt og representantar frå dei tekniske faga. Rundt bordet sit representantar frå mellom anna GK Norge, Bravida og Varme & Bad. Totalentreprenør i prosjektet er HS Kapstad, som har ansvar for gjennomføringa av byggearbeidet.

Arkitekt Ann-Kristin Strømmen i SALT Arkitekter viser 3D-modellen av bygget og tek oss gjennom planane. – Dette er ei rehabilitering av eit eldre, sentralt og velkjent bygg. Det har vore viktig å ta vare på kvalitetane i det. Forma på bygget og fasaden mot gata vil vere attkjennande også etter oppgraderinga, forklarar ho.

Samtidig har arkitekten og huseigaren arbeidd med å tilpasse bygget til heilt ny bruk. Det tidlegare bankbygget blir no gjort om til eit helsehus der fleire kommunale helsetenester skal samlast under same tak. Målet er eit oversiktleg bygg som er lett å bruke både for tilsette og dei som kjem hit. Alle kontor er lagde til ytterkantane av bygget, slik at dei får gode lysforhold å arbeide i.

Bygget er rive ned til betongskjelettet og deretter bygd opp att. Alle tekniske anlegg blir nye. Rundt bygget er det mellom anna masseutskifta, isolert og lagt ny drenering til kommunalt tilkoplingspunkt. I praksis vil helsehuset bli å rekne som eit nytt bygg.

Skiferen som er teken ned, blir klargjord for gjenbruk på fasaden. Fasaden får ny isolasjon, og i samband med dette blir det sett inn nye og større aluminiumsvindauge. Solskjerminga blir integrert i fasaden og bygd inn i dei nye vindaugsinnsettingane. Taket blir isolert før det blir lagt nytt. Det er valt nye fargar, og bygget får ny lyssetting. Samla sett gir dette bygget eit stort og tydeleg løft.

Skadal fortel at samarbeidet med kommunen har vore godt gjennom planlegginga. – Vi har hatt tett involvering undervegs. Målet har vore å utvikle eit bygg som fungerer optimalt for dei tenestene som skal inn no, men som óg kan fungere i mange år framover.

Første etasje

Inne i bygget viser arkitekturen korleis orienteringa skjer naturleg frå inngangen. Siktlinjer og openheit gjer at ein intuitivt forstår kvar ein skal vidare. Første etasje blir hovudsakleg tilpassa legekontoret. Her kjem fem legekontor, EKG- og audiometrirom, laboratorium, prøvetakingsrom, GU-rom og resepsjon. Det blir også etablert eit nytt ambulansemottak med skiftestove for ambulansetenesta. Frå skiftestova er det direkte tilgang til legekontoret, slik at pasientar kan takast inn utan å måtte trille gjennom gangar der andre brukarar kan opphalde seg. I tillegg kjem eit fagmøterom for legane.

Ventesona er trekt litt unna resepsjonen. Framfor skranken er det eit mottaksrom som skal hindre lydlekkasje. For dei som skal levere prøver til laboratoriet, blir det laga ei eiga luke for innlevering. Luka ligg diskret til, slik at prøver kan leverast direkte utan å gå via ventesona eller resepsjonen.

Planløysinga gjer at brukarflyt, akuttmottak og legekontor fungerer godt side om side.

Andre etasje

I andre etasje kjem fleire kommunale helsetenester, mellom anna helsestasjonen, psykisk helse og den kommunale tenesta barn, unge og familiar. Frå første etasje kan ein ta trappa eller den nye heisen opp. Utanfor helsestasjonen blir det lagt til rette for vognparkering. Inne kjem ei ventesone, fleire kontor og eit større grupperom. Psykisk helse får eigne samtalerom, stillerom, medisinrom og kontorplassar.

For tilsette i heile bygget blir det etablert eit pauserom med kjøkken og direkte utgang til ein sørvendt altan. Når bygget står ferdig, vil det huse rundt 20 arbeidsplassar innan ulike kommunale helsetenester.– Dette skal bli eit godt bygg både for dei som jobbar her og for dei som kjem hit for å få hjelp, seier arkitekt Ann-Kristin Strømmen.

Ein liten kuriositet er at entreprenør Harald Kapstad bygde på bygget med ein ekstra etasje på 1980-talet. Bygget var då opphavleg einetasjes, med flatt tak og underetasje. I dag er det sonen hans, Geir Harald Kapstad, som er ansvarleg for totalrenoveringa av bygget.

Framtidsretta bygg

Dei tekniske løysingane er valde med tanke på energieffektivitet, godt inneklima og fleksibilitet. Målet er god luftkvalitet, gode lydforhold og stabile temperaturar gjennom året.

Bygget blir sertifisert i energiklasse Grøn B, som ligg i øvre delen av energiskalaen i Noreg. Oppvarming og kjøling skjer ved hjelp av jordvarme, der ei varmepumpe utnyttar energi frå grunnen. Varmen blir fordelt gjennom eit vassborent system med radiatorar, noko som gjer at temperaturen kan regulerast raskt og gir stabil og energieffektiv drift gjennom året.

Skadal poengterer at dette blir eit framtidsretta bygg når det gjeld energieffektivitet, universell utforming, god lyd- og luftkvalitet og korleis funksjonane i bygget er plasserte i forhold til kvarandre.

Samtidig har det vore ei utfordring å få plass til moderne tekniske løysingar i eit eldre betongskjelett. Ventilasjonskanalane er dei installasjonane som tek mest plass av dei tekniske anlegga, og det har difor vore krevjande å sikre god takhøgd i alle dei tre etasjane i bygget.

Klar til jul?

Når vi spør når bygget skal stå ferdig, kjem svaret raskt. – 30. november, seier dei rundt bordet. Nokon legg til med eit smil at det er i 2026. Held dei framdrifta, blir dette ei flott julegåve til Fjalerbuen.

Frå venstre Arild Skår (Varme & Bad), Frode Solvik (GK Norge), Kristian Steinseth (Bravida), Geir Harald Kapstad (HS Kapstad), Ann-Kristin Strømmen (SALT Arkitekter), Hallvard Skadal (byggherre), Ivar Søgnen (HS Kapstad) og Randi.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst