HAFS karrieremesse 2026

Jan 19, 2026

Allereie på det første møtet med Dale vidaregåande skule 2.oktober vart det klart at Nytta skulle ta regien på karrieremessa for 2026. 10.februar arrangerer Nytta i samarbeid med Dale vidaregåande skule karrieremesse i Fjaler, og interessa frå næringsliv og opplæringskontor er stor. Påmeldingane renn inn, og mange verksemder ønskjer å vere på plass når ungdom frå heile regionen samlast.

Karrieremessa samlar elevar i alderen 13 til 18 år, både frå ungdomsskule og vidaregåande opplæring. Ungdomsskuleelevane frå alle grunnskulane i HAFS-regionen blir bussa inn til arrangementet, i tillegg til elevar frå Sande skule. Totalt ventar vi over 500 elevar.

Målet med messa er å gi ungdom betre innsikt i utdannings- og jobbmoglegheiter, og vise breidda i arbeidslivet som finst lokalt og regionalt.

– Dette er ein viktig møteplass mellom ungdom og arbeidslivet i HAFS-regionen. Elevane får sjå at det er eit hav av moglegheiter, medan bedriftene får høve til å møte framtidig arbeidskraft tidleg. Dette er spesielt viktig når vi veit at det blir knappheit på arbeidskraft i framtida.

Karrieremessa blir arrangert kvart tredje år og har etter kvart blitt ein sentral arena for karriererettleiing, rekruttering og samarbeid mellom skule og arbeidsliv i HAFS-regionen.

På messa er det også eit seminarprogram med korte foredrag. Mellom anna møter vi Anniken Gjørøy som har «flytta heim» og satsa på eige selskap, og Sanne Slåtten frå Firda som skal snakke om nyhetsbilete og kor viktig det er med eit kritisk blikk på informasjonen vi får. 

Nytta og Dale vidaregåande skule opplever stort engasjement rundt arrangementet og ser fram til å samle elevar, bedrifter og opplæringskontor til ein dag med læring, inspirasjon og gode samtalar.

Rolf Magne Golten Andersen er årets programleiar.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst