Grenselaus arbeidsmarknad: Besøk hos Martime Montering

Denne veka besøkte vi Maritime Montering på Bjørvikstranda Og ja, vi er klar over at dette selskapet ligg plassert like utanfor kommunegrensa. Årsaka til dette besøket er at vi ynskjer å besøke viktige arbeidsgjevarar for Fjalerbuen, og då må vi vere grenselause slik arbeidstakarane er. Vi skal besøke fleire slike bedrifter framover.
Om vi set passarspissen midt i Fjalerkartet og radiusen til 45 minutt, så er det ingen grenser for kva ein kan jobbe med, og framleis bu i fagre Fjaler. 45 minutt er det ikkje uvanleg å bruke på veg til jobb i byane, men då står ein ofte i kø store deler av tida.
Grensesprengande
Og Maritime Montering er også grensesprengande. Dei har rundt 700 tilsette og er til stades i til dømes Danmark, Romania, India, Kina, Tyrkia og Polen. Dei har utstyrt over 1100 skip med komfortabel møblering og gode løysingar for livet om bord. I fjor omsette dei for 895 millionar. -No er det 45 år sidan selskapet vart etablert borti gata her, fortel konserndirektør Daniel Garden. Dette er framleis eit familieeigd selskap, og eigarane har ingen planar om å endre på det. Han og salssjef for Maritime Montering Norge Marte Haugsbakk tek imot oss i Dalsfjordvegen 585. Der held dei på å pakke ut nye varmgule Stressless stolar til det nye møterommet i 2.etasje. Vi får vite at Ekornes og Brunstad er standar i interiøret. Reiarlaga vil ha noko som er komfortabelt, vakkert og varig, og som har marin sertifisering. Det at skipa ser like bra ut etter 15 år, har betydning for salet til nye prosjekt.
Satsingsområde
Men først vil Daniel vise oss litt om den nyaste markedet, «navy vinklinga» som han seier. Dei produserer no eit hangarskip og fleire patruljebåtar i India, samt eit portugisisk multi-purpose skip. Det å ha moglegheit til å bevege oss fritt mellom desse landa her, er viktig for oss, presiserer konserndirektøren. Nyleg lanserte dei også Stett Comfort Design, harde møblar om bord, som blir produsert på eigen fabrikk i Polen. Dei har modulbaserte seriar, slik at det blir lettare å tilpasse seg til dei måla som er der. Dei fortel at dei var meir eksponert for Offshore bransjen på 90-talet enn no, men at dei monterer mykje på brønnbåtar og «avlusingsbåtar» for oppdrettsnæringa, og elles fiskebåtar eller fiskeyacht som det kanskje heller bør kallast. Heile MM jobbar på mellom 70 og 90 fartøy til ei kvar tid. Dei er i ulike fasar, og det kan vere utfordrande logistikk. Dei er avhengig av mange andre profesjonar.
Stabilt i urolege tider
Vi lurer på om dei merkar noko til den urolege verdssituasjonen? Dei merkar at transportkostnadane aukar, men elles ikkje så mykje, er svaret. Dei er òg valuta utsette, men dei har så langt ikkje hatt leveringsproblem.
MM Norge har ca. 30 tilsette, og berre fire bur i Fjaler. Femtemann er frå Fjaler, men bur rett oppi «høgget» her. Guddølingen seier han ofte går over grensa....-Det sit masse god kompetanse her som bistår i dei andre landa, fortel konsernsjefen. Om dei ser etter fleire tilsette frå regionen? – Nett no har vi ei stillingsannonse ute, men det er nok viktigare at vi får den kompetansen vi er ute etter, eller at den er kortreist, er svaret vi får.
Marte er ein av dei som bur i Fjaler, har bakgrunn som ingeniør innan elektro, og har tidlegare jobba for SFE og Hansen Technologies. Når ho no set saman tilbod, sit ho gjerne med ein «spekk» på 2-300 sider. Det er viktig informasjon tilbodet må spegle om ein skal vinne anbodet. Og det verkar det som dei ofte gjer, sjølv om det kan ta over eit halvt år frå dei sender tilbodet til dei veit det.
-Det går mykje på pris, men vi prøver å bruke lokale leverandørar når vi kan, fortel Marte. I Dale leverer Møbler og Utstyr, ferdigsydde gardiner, sittebenkar, puter og anna. I Askvoll er det eit skiltselskap dei brukar. Møbelfabrikkane på Møre er også lokale i denne samanhengen. - Kvalitet er fokuset vårt, og å ha støtte frå reiarlaga betyr mykje. Dei veit kva dei vil ha.
Neste besøk blir hos Havteck i Holmedal.


