Fjaler går på ungdomskraft

Ledige stillingar på Kiwi Dale

Feb 25, 2026

Ifølgje SSB var det i 2024 totalt 1 324 sysselsette personar mellom 15 og 74 år i Fjaler. Av desse var 176 i alderen 15 til 24 år. Det betyr at over 13 prosent av arbeidsstyrken i kommunen er ungdom i vidaregåande alder og tidleg studiefase. Dette er ikkje eit marginalt innslag, men ein synleg og viktig del av arbeidsstokken vår.

Ungdom er representerte i fleire næringar. I varehandel er 32 av dei tilsette mellom 15 og 24 år. I bygg og anlegg er talet 24. I jordbruk, skogbruk og fiske er 7 unge i arbeid. Særleg innan helse og omsorg ser vi kor viktig denne gruppa er, med 70 unge i arbeid, der 38 er under 19 år. Dette er ikkje berre framtidig rekruttering. Det er heilt konkret kapasitet i dag.

Dale VGS er ein avgjerande føresetnad for at Fjaler skal ha tilgang på denne arbeidskrafta. Elevane ved skulen utgjer truleg ein vesentleg del av dei arbeidande ungdommane i kommunen, og bidreg direkte inn i bemanninga i fleire sektorar. I ei tid der mange bransjar nasjonalt melder om mangel på arbeidskraft, og små kommunar kjenner presset ekstra sterkt, blir koplinga mellom skule og arbeidsliv heilt avgjerande.

Når ein ungdom tek vakter på sjukeheimen, står i butikk eller jobbar praktisk, får arbeidsgivar nødvendig kapasitet. Samstundes byggjer den unge relasjonar, kompetanse og tilhøyrsle til lokalsamfunnet. Vi veit at slik tilknyting og nettverk er viktige faktorar for om unge vender heim etter studiar. Ein sommarjobb er difor meir enn løn. Det er eit første møte med arbeidslivet og ei konkret erfaring av at det finst moglegheiter her.

Samtidig må vi òg løfte blikket mot dei som står utanfor. I alle lokalsamfunn finst det unge og vaksne som i dag står utan jobb eller utdanning. Desse representerer eit stort, ofte ubrukt potensial. Med rett oppfølging, tilrettelegging og inkluderande arbeidsgivarar kan fleire av desse kome inn i arbeidslivet. For den enkelte betyr det meistring og deltaking. For Fjaler betyr det styrkt arbeidskraft og reduserte kostnader knytt til utanforskap.

Fleire lokale arbeidsgivarar søkjer no deltids og sommararbeidarar. Både UWC Red Cross Nordic, Fjaler kommune og KIWI Dale har behov for folk. Behovet er konkret og reelt.

Når over 13 prosent av arbeidsstyrken vår er mellom 15 og 24 år, viser det at ungdom allereie er ein berebjelke i arbeidsmarknaden. Sommarjobbar og deltidsstillingar er difor meir enn mellombelse løysingar på bemanningsbehov. Dei er ein del av fundamentet for framtidig rekruttering, verdiskaping og heimflytting.

Heia bedriftene som slepper ungdom til. Og heia dei som vågar å ta steget inn i arbeidslivet.

Sjekk ledige jobbar på vår side UWC og Fjaler kommune


Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst