Det frivillige gullet

Det finnes mange frivilligheitssentralar i Norge, faktisk 563 fordelt på 336 kommunar. Ikkje alle er kommunale som den i Fjaler, men dei ligg under Kultur- og likestillingsdepartementet med Lotteri-og stiftelsetilsynet som forvaltar av tilskuddsordninga. Men kva er eigentleg ein Frivilligsental?
Vi har fått ein prat med Rhona Thingnes som er dagleg leiar i Fjaler. Ho kjem frå Edinburgh og snakkar norsk med nokre svenske innslag etter å ha budd i Sverige i mange år. Ho er tilsett i ein 100% stilling, sorterer under kultur saman med biblioteket, og har kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling, Ingeborg Tysnes som sjef.
- Frivilligsentralane er lokale møteplasser som skal være eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor, stimulere til frivillig innsats, samt skape gode og inkluderande lokalsamfunn, forklarer Rhona.
Samvirket
Dei finnes mange frivillige organisasjonar i Fjaler, og dei har ein veldig fin møteplass på «Samvirket». Samvirket er gamle Coop bygget midt i Dale sentrum, bygd 1961. I 2018 kjøpte Fjaler kommune bygget, og i 2023 opna Samvirket i ny drakt, som eit kulturhus og ein samlingsstad for alle. Rhona fortel at dei hadde opningsseremoni saman med opninga av Teaterfestivalen. Kulturhuset blir drifta av PreForm som har vidareutvikla huset til å bli eit moderne og profesjonelt kunstproduksjonshus. Lokala som Frivilligheitssentralen har ansvaret for er det første rommet du kjem inn i, koseleg møblert i ulike stasjonar. Her er sitttegrupper med gamle sofaer og lamper, bord og stolar framfor ein liten Scene, eit kjøkken med kafédisk, kosekrok og spelekrok. Lyd, lys og luft er sjølvsagt tenkt på. Samvirket møteplass (foajéen) kan leigast til opne arrangement for kommunale tilbod, frivillige lag og organisasjonar/grupper. Bestillingana kjem til Rhona, via forespurnader fylt ut på nettsida til Samvirket.
Tilbod og etterspurnad
Det er mange ting som høyrer inn under frivilligheita, og Rhona fortel at ho i denne stillinga drar nytte av ulike kompetansar ho har tileigna seg etter alle dei "rare tinga" ho har gjort i sitt liv, og som ho kanskje ikkje hadde sett nytten av før no. Noko av det kjekkaste ho veit er når ho får tilskot til eit prosjekt som gjer det mogleg for ulike grupper å starte opp ein aktivitet eller utflukt. Eit eksempel er når Språkkafèen har vore på utflukt til Lilllingstonheimen og Astruptunet, eller Aktiv på Dag har fått midlar til frukt og kaffestund etter trening. - Det er og gøy når nokon tek kontakt for å møte likesinna, eller folk i same situasjon. Det har resultert i bl.a. Laptopkafé der ein kan sitte og jobbe, kravlekafé der ein kan møte andre med små. Tilbodet blir til ut frå kva lokalsamfunnet har behov for og kva dei frivillige ynskjer å bidra med. Fjaler Røde Kors har danna «Treffpunkt» for unge i samarbeid med UWC ungdommane, og er her fast. Her er allsong med pensjonistane, og 5-7 klubben (5.-7.klassingar) møtes torsdagar og spelar bordtennis, bakar pizza eller berre heng ilag. 8-10 klasse har det same opplegget. Strikkekaféen har 12-13 faste som møtest, og fredagar er elevane frå valfaget Sceneproduksjon her. I samarbeid med integreringstenesta er Språkkafèen, vorte ein stad der ein kan snakke norsk med andre, og lære litt om kulturen her. Utover det er det fleire arrangement både på dagtid og kveldstid. Eksempelvis konsertar, debatt eller klassetreff, i tillegg til at møteplassen blir nytta som foajé med kafé og bar i samband med teater førestillingar, konsertar og andre arrangement som Preform står for, på den store scena.
Studio Nova
Frivilligsentralen administrerer og utleie av Studio Nova i gamle kommunehuset. I tillegg til frivillige lag, kan lokala leigast av privatpersonar og næringsbedrifter til bursdagsfeiringar opp til 7. klasse, korte private møter, større selskap, for eksempel då eller konfirmasjon.
Volontørar
Kvart år har Frivilligsentralen to «Volontørar» som òg lærer seg norsk, samtidig som dei bur og bidrar inn med sin kunnskap og kompetanse i 12 månader. No er Caro og Karlina her. Karlina her fått ansvaret for BUA, og Caro for Samvirket møteplassen. I tillegg bidrar dei med å køyre mat til heimebuande pensjonistar ein gang i veka. Dei hjelper til i kantina på Dale vgs. og med tysk undervisning same stad. Dei er òg med som hjelparar under Teaterfestivalen, og i år også under Sande Seminaret. No får begge to timar norsk undervisning i veka av ein frivillig norsklærar, og det kan ein høyre på dei. Ordninga med Volontørar kjem gjennom eit samarbeid med «Turbina Pomerania» i Tyskland, som får EU midlar. No har Rhona nettopp fått søknadane for dei neste to, som skal begynne i august. Av søknadane vel ho ut 6-7 kandidatar som ho intervjuar.
Bua
Ein viktig del av Frivilligheitssentralen er BUA. Det kanskje ikkje alle veit er at dette er nytt utstyr som ein kan leige gratis i ca. ei veke. Akkurat no har dei alt som passar til vinteraktivitetar framme. Dette passar spesielt godt for familiar. Borna veks fort og ein må elles raskt ut og kjøpe nytt utstyr igjen. Eller om ein vil teste ut ei ny idrettsgrein, så treng ein ikkje å kjøpe inn utstyret før ein veit om dette er noko ein vil halde fram med. «Alle treng ikkje eige alt», som Rhona seier. Når sommaren kjem, blir vinterutstyret pakka vekk, og sommarutstyret henta fram.
Gullet i det å gi
Det å være Frivillig og jobbe for noko ein bryr seg om, handlar om meir enn å gi. Ein vil også få. Men i dag er det mange som ikkje vil binde seg til noko fast. Det å bidra nokre veker under eit arrangement er annleis enn å være ein ressurs regelmessig. Sikkert er det i alle fall at det aldri vil bli kjedeleg, og felta ein kan bidra innanfor er så mange. Om du kjenner at du har lyst til å være Frivillig for Frivilligheitssentralen, så ta kontakt med Frivilligheitssentralen. Om du ynskjer å bidra til å hjelpe eldre eller andre sosialt, så vil Helse og Sosial sektoren gjerne høyre frå deg.


