Under 40? Bli med i Fjaler U40!
Sep 26, 2025
U40 igang i Fjaler
25. september samla vi fleire engasjerte unge til oppstartsmøte for Fjaler U40. Andreas fortalte først litt om arbeidet vårt i Nytta AS med samfunns- og næringsutvikling, før Ingunn Hofland frå Sunnfjord U40 delte gode erfaringar om korleis dei har bygd opp sitt nettverk. Og så kom Lego`en på bordet, og med dei bygde vi bokstavelig talt framtida – idéar om aktivitetar og konsept for Fjaler U40 kom på løpande band. Vi vart einige om å satse vidare, og Marta Kleiven vart vald som leiar med ei ressursgruppe rundt seg.Neste møte var 13. oktober og då vart ein einige om to kommande arrangement. Det er no moroa startar. Datoar og meir informasjon om desse kjem frå Fjaler U40.
Fjaler U40 skal vere ein møteplass for unge under 40 som bur eller har tilknyting til Fjaler. Her kan vi bygge nettverk, dele idéar og kunnskap, og skape bulyst saman. Er du ny i Fjaler, er dette ein bra plass å få nye venner. Nettverket kjem i tillegg til andre tilbod som finnes i Fjaler, og ikkje i staden for. Alle er velkomne.




