Helse i kvar krone

Mar 2, 2026

I ei tid der kvar krone må snuast på har vi vore på besøk hos Helse og omsorg i Fjaler kommune. Vi hadde høyrt rykter om at Fjaler kommune utfører sine omsorgstenester mange millionar billegare enn samanliknbare kommunar. Dette hadde vi i bakhovudet då Kjersti Valvik inviterte oss opp til Helsetunet. Som kommunalsjef for helse og omsorg, ville ho at vi skulle høyre meir om korleis helse- og omsorgssektoren er organisert og korleis dei jobbar i Fjaler.

"All inclusive"

Sjølv om Fjaler kommune driv effektivt, er dei stadig på jakt etter måtar å gjere ting endå litt betre. I det nasjonale prosjektet TØRN kommune, snur dei opp og ned på alt og undersøker om det kan finnast andre og betre måtar å utføre helse- og omsorgstenestene på. Eit forbetringspotensiale som dei har sett, er at helsepersonell, som er ein knappheitsressurs, i størst mogeleg grad bør unngå å måtte bruke tida si på arbeidsoppgåver som ikkje krever den kompetansen. – På sjukeheimen er det «All Inclusive» fortel Kjersti, men ikkje alle tenestene treng utførast av helsepersonell. Til dømes vasking, handling og følge til og frå lege, tannlege, sjukehusbesøk kan utførast av andre enn fagpersonell. Det kan være besøksvenner, reinhaldspersonale, Frivillige og så vidare, men kjerneoppgåvene skal utførast av helsepersonell, slår Kjersti fast.

God lagånd

Med unntak av Heidi Roos som for tida er leiar for to einingar, møtte vi alle avdelingsleiarane. Heidi har ansvaret for Helsetenestene og den interkommunale barnevernstenesta. Janne Øksenberg er leiar for Heimetenesta, Anne M. Johannesen er leiar for Miljøtenesta, Evy Solheim er leiar for Sjukeheimen og Bente Solheim er leiar for Tenestekontoret. Alle fortalde litt om sitt felt. Dei har fokus på å gjere sine tenester best mogeleg for innbyggarane, brukarane og pasientane. Dei forsøkjer òg å ligge frampå når det gjeld nytt regelverk og trendar. Tilrettelegging av det å kunne bu heime lengst mogeleg er eit poeng. Det at dei har eit tenestekontor, er dei svært godt nøgde med. Dette er støttelaget til dei andre einingane. Det kjem og fram at dei har ei god lagånd, og at dei kan bruke kvarandre som rådgjevarar.

26 millionar

Ut frå kommuneindeksen driv Fjaler ved pleie og omsorg faktisk 26 millionar billigare enn samanliknbare kommunar (kostragruppe 5). Korleis kan dette ha seg? Kjersti svarer at den største grunnen til det er at dei ikkje brukar vikarbyrå innan pleie og omsorg for å få nok arbeidskraft. Dei har til no stort sett klart å få nok søkarar til jobbane, og ved å bruke rett kompetanse på rett stad, håpar dei dette vil fortsette.

Kunnskapsdeling

Kunnskapsdeling er viktig. - Cecilie Brændmo Dahlgren frå NAV arbeidslivssenter har nettopp gjennomført basisprogram med 5 modular i leiing, for alle leiarane i helse og omsorg. No skal NAV Arbeidslivssenter delta i eit prosjekt saman med heimetenesta, der dei skal følgje arbeidet deira, sjå korleis dei jobbar og lære av kvarandre.

Kjersti trekkjer fram besøksordninga som Hyllestad kommune har fått til i samarbeid Røde Kors, som noko dei og ynskjer seg. - Slik eg har forstått det, har Røde Kors Hyllestad fleire undergrupper, mellom anna besøksteneste og omsorg, der dei dreg på tur med eldre, syng med dei og liknande.

Tenester hjå Vevang Produksjon

Nytta har tidlegare vore på besøkt hos Vevang Produksjon som er eigd av Fjaler kommune. Då høyrde vi om fleire tenester som dei utfører for private hushaldningar. Det er blant anna bæring av ved, strøing av sand, plenklipp, innkjøp av daglegvarer, vaskeritenester og ymse vedlikehaldstenester. Kanskje veit ikkje alle om dette?

Nytt Helsehus

Akkurat no byggjer ein om gamle bankbygget midt i sentrum av Dale, til det som vert kalla Helsehuset. Det skal romme legekontor, helsestasjon, BUFA (avdeling for barn, unge og familiar) og psykisk helse. Å samle alle desse tenestene i eit bygg, sentralt i Dale høyrest lurt ut. Nytta har tenkt seg på omvising i bygget snarast.

Nytta har òg fått invitasjon til det årlege folkemøte som Helse og omsorg arrangerer 16. april. I år blir det særleg fokus på aktivitet, frivillig arbeid og beredskap.


På bilet ser vi Janne Øksenberg, Kjersti Valvik, Anna M. Johannessen og Evy Solheim. Heidi Roos og Bente Solheim var diverre ikkje tilstades denne dagen.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst