Totalberedskap, og kva det betyr for næringslivet i Fjaler

Mar 19, 2026

Noreg står i ei tid der tryggleik og beredskap igjen er blitt ein del av kvardagspraten. Krig i Europa, skjerpa stormaktsrivalisering og eit meir komplekst trusselbilete gjer at vi må vere betre førebudd. Dette var eit tydeleg bakteppe då Nytta denne veka var invitert inn i beredskapsrådet for Fjaler, Askvoll og Hyllestad. Møtet samla kommuneleiing, politiet, Heimevernet, kommuneoverlegen, Røde Kors, Sivilforsvaret og fleire kommunalt tilsette, og statsforvaltaren gav ei grundig orientering om situasjonen Noreg no står i. For Nytta var det verdifullt å kunne delta i desse drøftingane, då næringslivet er ein viktig del av totalberedskapen lokalt.

Den nasjonale utviklinga peikar i same retning. Totalforsvar handlar ikkje lenger om berre militære strukturar, men om at sivilsamfunnet og næringslivet må fungere også når vi blir utsette for press, kriser eller i verste fall væpna konflikt. Myndigheitene er tydelege på at eit robust næringsliv er avgjerande for å halde samfunnet i drift. I eit brev som Justis- og beredskapsministeren nyleg sende til Næringslivets sikkerheitsråd, blir det understreka at det viktigaste bedriftene kan bidra med i krise og krig, er å levere så nær ein normalsituasjon som mogleg. Når verksemder fungerer, får samfunnet større evne til å prioritere ressursar der dei trengst mest, og totalforsvaret blir meir effektivt. Dette krev at bedrifter kjenner eige risikobilete, deltek i øvingar og har planverk for å handtere bortfall av straum, vatn, digitale tenester eller leveransar.

Fjaler har eit tett og variert næringsliv innafor alt frå havbruk, landbruk og transport til helsetenester, energi og teknologi. For alle desse bedriftene, også bøndene, handlar beredskap om heilt konkrete spørsmål: Korleis fungerer verksemda dersom digitale system sviktar? Kva gjer ein om kritiske leveransar stoppar? Har ein planar for å halde drift i gang når situasjonen krev det? I tillegg kan landbruket spele ei særleg rolle i kriser gjennom lokal matproduksjon, lagring og tilgang på maskiner og kompetanse som kan støtte opp om lokalsamfunnet. Totalberedskapsmeldinga, som regjeringa la fram i 2025, peikar på at vi no er inne i ei historisk omstilling av den sivile beredskapen. Målet er å sikre at kommunar, bedrifter og frivillig sektor er førebudde på kriser som kan kome raskt og uventa. Meldinga løftar særleg fram kor viktig det er at lokalsamfunn og næringsliv står rusta til å understøtte militær innsats og handtere samansette truslar.

I møtet denne veka fekk vi drøfte konkrete scenario og utfordringar saman med andre beredskapsaktørar i regionen. Det gir eit felles utgangspunkt for å forstå rollene våre betre. Samstundes har næringslivet ei heilt eiga rolle som ingen andre kan ta. Bedriftene eig og driftar mykje av den infrastrukturen samfunnet er avhengig av: straum, transport, logistikk, datatenester, produksjon og lagring. Dette er funksjonar som ikkje kan erstattast av det offentlege dersom dei sviktar. Difor må verksemdene vere med når kriseplanar blir utforma, og difor bør bedrifter i Fjaler og nabokommunane vere bevisste på at dei faktisk er ein del av totalforsvaret.

Nytta håpar å kunne vere ein ressurs i beredskapsrådet framover, som ei tydeleg stemme for bedriftene og som ein brubyggjar mellom næringsliv og offentlege aktørar. Samstundes håpar vi å kunne bidra til at næringslivet i Fjaler, og i regionen elles, i endå større grad tek beredskap inn i den ordinære drifta, slik at vi står sterkare saman om situasjonen krev det.


Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst