Mitt første Sandeseminar

Mar 22, 2026
I år var tema for Sandeseminaret; Forteljekunst i skule, arbeid og liv. Som kommunikasjonsressurs i Nytta var det klart at eg skulle ha med meg dette, men heilt kva eg gjekk til visste eg ikkje. Hadde sjølvsagt lese programmet, men at eg skulle bli så inspirert og kjenne meg igjen i så mykje av det som vart sagt. Det hadde eg faktisk ikkje venta. Allereie då dagleg leiar Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim ønska velkommen utan manus, men tilpassa den mot dei som var til stades, forstod eg at dette ikkje vart eit heilt vanleg seminar om kommunikasjon. Særleg sidan minst to av dei ho nemnde, ikkje er i live. Vi sat resten av seminaret med blikket til Jakob Sande og Nikka Vonen på oss.
Når ein jobbar med kommunikasjon er ein sjølvsagt oppteken av å uttrykke seg forståeleg, helst med sin eigen «tone of voice», og nå fram med bodskapen på dei rette flatene. Så det å kunne fortelje på ein måte som gjer at folk vil lytte, kven vil ikkje høyre meir om det? Eg har no tenkt å avsløre alt eg fekk med meg, slik at du forstår at du må være med neste gang.
Forteljingar i arbeidslivet
Panelsamtalen; Forteljingar i arbeidslivet tok for seg alt det eg har nemnt, med særleg fokus på forteljekunsten si rolle i dei ulike bransjane. No er det ingen som snakkar om forteljekunst der, men historieforteljing og formidling, men det er vel eigentleg det same? For Johanne Viken Sandnes frå Sparebank1 Sogn og Fjordane, er det å ha tillit i befolkninga uhyre viktig, og då må ein halde seg til sanninga. Som Johanne sa; - Det er ikkje vits i å fortelje ei historie om oss, som ingen kjenner seg igjen i. Vi må treffe mottakar på ein ekte og truverdig måte. Og sjølv om det av og til kan kjennest meir som «storyselling» enn «storytelling», bedyra Rune Fossum Lillesvangstu frå NRK Nynorsk Mediesenter, at sanninga er «altovertruffen» også for journalistar. – og ryggmargen i journalistikken må framleis være at ein kan skrive. Og når ein i tillegg skriv nynorsk så blir det heilt riktig. Ingar Valvik frå Innovasjon Noreg Vestland var inne på at dei forteljingane vi høyrer mest av for tida, ikkje er gunstige for næringslivet, og viljen til å investere. Det Trump seier får konsekvensar. Ingar utfordra òg forteljinga om oss her ute i distrikta. - Mot alle odds får vi det til i Fjaler. Vi er ikkje store nok, ikkje robuste nok. Stort er best i alle forteljingane, men er det det? Er det ikkje slik at vi ved å sjå dei som er her, også kan løfte opp dei talenta vi ser?
Nytt programfag
Men korleis får ein utvikla evna til å formidle? I dei kommande innlegga utover dagen handla det mykje om skulen og korleis ein kan fremje skrivelyst og evna til å skrive. Fleire nemnde at formkrava i norskundervisinga etter dagens læreplan, drep, eller i alle fall begrensar, vår evne til å skrive fritt. Og det er då det nye programfaget, «skapande skriving/forteljing» skal komme inn i læreplanen, og bidra til at ein kan få utfolde seg friare og meir kreativt. Initiativet kom frå Liv Hege Skagestad, rådgjevar ved Sande senteret. Assisterande rektor ved Dale vgs, Tor Egil Furevikstrand tok det med seg og har i etterkant leia ei arbeidsgruppe som har laga eit utkast til læreplan for det nye programfaget. Dette har no vore på høyring, og tilbakemeldingane frå Elvebakken skule og andre store skular i Noreg er; Når kjem dette faget?
Finne si stemme, og bruke den
I møte med den danske eksamensnemnda, vart Tor Egil kjend med eit sjangeroverskridande uttrykk som dei brukte. Det å finne si "personleg stemme". - Og det er noko heilt anna enn det glatte og polerte språket som KI kjem med.
Unge lovande Sigrid Hoddevik Losnegård frå Holmedal er leiar for Natur og Ungdom sentralt, og fortalte om å finne røysta si og ta den i bruk for naturen si skyld. Og elevane som var tilstades lytta.
Tips og triks
Anna Kleiva som har vore ein del av utvalet bak det nye programfaget, tok for seg tips til korleis ein kan få til skapande skriving. Eg merka meg særleg tipset om å lese tekstar høgt. Det kan avsløre om ein har repetert seg sjølv. Ho anbefaler generelt å skrive masse, men òg å sleppe seg laus når ein skriv, for så å lese med kritisk blikk etterpå, men ikkje undervegs. Ho jobbar med å få elevane sine til å stole på blikket sitt. Dei unge kjem gjerne med sitt blikk på ein situasjon som har vore skrive om før. Slikt blir det ofte god litteratur av.
Fri stil
Den siste bolken bestod av ein samtale med forfattar, forteljar og samfunnsdebattant Irene Kinunda Afriyie, kjent frå Fargespel, og kulturantropolog og skribent Dubie Toa-Kwapong frå Flekke. Samtalen var leia av Guro Gjøsdal frå Nynorsksenter. Dubie har røter frå Ghana og Irene frå Kongo. Begge trekte fram sang som ein viktig formidlingsmåte. Det handla om å vekke følelsar i folk, i kroppane. Ja du ser det vel for deg, laus og ledig synging og dansing kontra vår beherska og sjølvbevisste stil, med redsle for å stikke oss fram? Ein Sunnfjording skal jo ikkje det.
I Afrika går ikkje forteljinga kronologisk, men meir i sirkel. Det betyr ikkje at det er mindre struktur, men altså sirkel heller enn linje. Eit eventyr startar ikkje med «Det var ein gang» men med «Slik går historia». Så kva er rett, og kva er eigentleg lov når ein skriv? Er det eigentleg slik at ein først må ta sin doktorgrad, før ein blir fri til å skrive slik ein vil? Ja svara dei i panelet. I Nytta har eg bestemt meg for å gå for eit folkeleg språk og ein nynorsk som ligg så tett opp mot dialekten som mulig, beklagar mogeleg. Resultatet er det nok fleire som føler for å gå laus på med raud-blyanten.
Forteljarstilen
Når Irene fortel godnatthistorier så fortel ho ikkje med «øynene på boken» men på borna. Og det var her at eg forstod litt av kva vi har mista. For sjølv om vi kanskje aldri vil sleppe oss laus som ein afrikanar i dans, hadde vi ikkje betre forteljarstil og meir tolmod til å lytte før? Eg hugsar at både eg og syster mi gjerne fortalde historier, og korleis vi hadde lært å bygge opp spenninga mot slutten. De var heller ikkje uvanleg å fortelje kven dei som var med i historia var i slekt med. Men på ungdomsskulen forstod eg raskt at eg måtte endre stil. Eg mista merksemda og det vart pinleg å stå der å fortelje utan den. Så eg lærde meg å kutte ned og komme raskare til poenget. Nokre år seinare blant reiseledar-kollegaer utanlands kjende eg meg keisam. Kollegane mine underheldt i beste stand-up stil. Tilbake i Norge, men no i Oslo, hadde eg litt av den same munnrappe stilen. Her var det i alle fall ikkje tid til lange forteljingar.
Men blir det ikkje så som så med lyttinga, når ein er oppsett på å underhalde heile tida, og kva får ein formidla? Eg trur det var Dubie som sa det: Du må først være ein god lytter, for å bli ein god forteljar. Og var det ikkje det Rakel sa at Jakob Sande hadde vore, for så å formidle det han hadde høyrt?
Seminaret fortsette dagen etter, men for meg var det dag 1 som passa best.


