Lutelandet: Leverandørkartlegginga startar – vil du vere med?

Mann som sveisar
Mann som sveisar
Mann som sveisar
Mann som sveisar

Nov 19, 2025

Bue Salmon og Kvantum er i gang med arbeidet på Lutelandet. I åra framover skal det byggjast opp eit moderne anlegg for landbasert oppdrett, med tilhøyrande infrastruktur og aktivitet rundt. Det betyr store investeringar, mange oppdrag – og nye moglegheiter for næringslivet i HAFS-regionen.

For å få best mogleg oversikt over kven som kan levere varer og tenester inn i denne satsinga, startar vi no ei leverandørkartlegging. Målet er enkelt: Vi vil vite kven de er, kva de kan, og korleis de kan bidra – både i anleggsfasen og når drifta er i full gang.

Her er det ikkje berre «tradisjonelle» leverandørar som entreprenørar, transport, elektro, VVS, betong og tekniske tenester som er interessante. Landbasert oppdrett og vidare utvikling på Lutelandet vil òg trenge alt frå kantinedrift, overnatting, kurs og konferanse, vatn- og avløpsløysingar, service og vedlikehald, IT og kommunikasjon, til kultur- og opplevingstilbod. Kort sagt: Heile breidda av næringslivet i HAFS kan spele ei rolle.

Difor er det viktig at bedrifter i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund melder seg på. Sjølv om du ikkje er sikker på om du «passar inn», vil vi heller at du melder deg på ein gong for mykje enn ein gong for lite. Ver gjerne kreative når de beskriver dykk sjølve – kanskje har de ein kombinasjon av tenester eller ei løysing som ingen andre har tenkt på enno.

Innsikta frå kartlegginga blir ikkje berre nyttig for Bue Salmon og Kvantum. Nytta AS vil òg bruke kunnskapen inn i andre initiativ i regionen – til dømes når vi jobbar med rekruttering, kompetansebygging, nye prosjekt eller samarbeidsmodellar mellom bedrifter. Ei god oversikt over kven som finst, gjer det lettare å kople folk saman og skape fleire ringverknader lokalt.

Nedanfor finner du lenke til eit enkelt skjema der bedrifta di kan registrere informasjon om seg sjølv. Vi håpar du tek deg tid til å fylle det ut – det er eit lite steg for di bedrift, men kan bli eit viktig steg for bedrifta di og vidare utvikling på Lutelandet.

Lenke til skjema finn du her

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst