Grenselaus arbeidsmarknad: Hos Tersan Havyard

F.v. Elisabeth Aven, Håkon Bosdal, Eirik Mjømen, Roald Ødemark, Szymon Plotka og Torleif Sundbotten
Tersan Havyard er ei hjørnesteinsbedrift i Hyllestad kommune, Leirvik ved Sognefjorden. Historisk har det vore slik at om det går bra med verftet, så går det bra med Hyllestad. Når det har vore nedbemanning ved verftet har det derimot medført store ringverknader. No har verftet vore der i over 100 år.
Etter at tyrkiske Tersan vart eigar i 2023, går det så det susar, og pilene viser solid oppover. - No jobbar vi innafor tre segment. Det er nybygging, ombygging, service og vedlikehald. Det gjer at vi får ei meir stabil ordremengd, og fin og stabil vekst, forklarer Vegard Skår, som presenterer seg som prosjektsjef. Han byrja i 2019 og har allereie fått med seg både nedtur og opptur. I alle fall i nyare historie var Havyard eit nybyggingsverft, noko som er kapitalkrevjande, og som innebar store toppar og låge botnar. - No jaktar vi ikkje dei store toppane, med mange nybygg, men ein stabil miks, og det har vi fått til, legg han til.
Vi er på besøk på Randi sine gamle trakter. Ho byrja her i 1998 og var økonomisjef fram til hausten 2009. Etter litt kjekk mimring får vi ein status på Tersan Havyard.
Lokal verdiskaping
Prosjektavdelinga til Vegard består no av 30 personar innan teknisk, innkjøp og prosjektleiing. I møtet med oss har han med seg HR sjef Marita Lavik og produksjonssjef Lars Djupevåg. Verftet har no 170 fast tilsette, derav 91 som bur i nærområdet (vel 15 frå Fjaler) Inkludert folk som er innleigd er dei no oppe i 350 arbeidarar ved verftet, og dei er sprengt på brakkekapasitet. Då må dei ut og leige endå fleire bustader lokalt. 11 lærlingar har dei òg, hovudsakleg frå TIF – linja på Dale vidaregåande skule, som er svært viktig for dei.
Rekruttering
– Målet vårt er at vi skal opp i 200 fast tilsette, så vi har mange annonser ute, fortel Marita.- Eg talde 14 stillingar ute no hin dagen, og det som brenn mest er innafor arbeidsleiing i produksjonen, altså innafor røyr, maskin, elektro, innreiing og utrustning. Vi er også på jakt etter ingeniørar, men søkjer ikkje aktivt etter desse no. Vi skriv òg i annonsane, at dersom denne ikkje treffer akkurat deg, så send oss ein open søknad.
I det Marita er ute av døra, fortel Vegard at Marita og kommunikasjonsteamet har vore kjempeflinke på rekruttering. Dei har ein tydeleg profil på sosiale media, er til og med på Tik Tok. Mathilde, som var trainee hos Havyard i fjor og no er fast tilsett, har vore ein viktig bidragsytar i dette arbeidet, særleg med si erfaring innan innhaldsproduksjon. Filmane dei produserer har tydeleg treft godt. Faktisk var dei nominert til pris på rekrutteringskonferansen FOLKA på Skei, arrangert av Framtidsfylket og NHO Vestland
"God match"
Vi treng aldri å spørje om det, for ut i frå praten forstår vi at samarbeidet mellom Tersan Havyard og Tersan i Tyrkia fungert svært godt. – Dei er så industrielt tenkande. Dei pengane som blir tent her, skal brukast her. Det er administrerande direktør, Tor Leif Mongstad som er komen til. Han er tydeleg fornøgd med den nye eigaren. Skroga blir produsert i Tyrkia, og blir slept til Leirvik for utrustning. - Tersan er eit større verft enn dette. Dei er eit «Turnkey-verft» som leverer nøkkelferdige skip, skyt Djupevåg inn. Men dei har mindre kapasitet til å gjere båtane heilt ferdig der nede, supplerer Skår. Det passar veldig godt saman med oss som er gode på utrustning. Vi har og 5 mann der nede no, som ligg under mi avdeling, og som følger opp våre prosjekt. Det har fungert veldig godt.
Produksjon
Vi får òg ei omvising på dei to ferjene som er under bygging her no. Dette er to av fire elektriske ferjer som skal leverast i løpet av året, den første no i juli. Det tar gjerne eit halvår å utruste ei ferje, litt lenger med den første. Vi ser tydeleg forskjell på kor langt dei er komne. Det ser og ut til at Maritime Montering er i ferd med å starte innreiing på den første.
Dei to brønnbåtane som skal byggast, er komplekse bygg. Også skroget for desse vert bygd i Tyrkia, medan båtane skal utrustast i Noreg. Prosjekteringa blir leia av Tersan Havyard, i tett samarbeid med designressursar i Tyrkia. Som Vegard forklarar: – Vi byggjer båten to gonger, først digitalt og deretter fysisk. Desse båtane skal nyttast til å frakte og behandle levande fisk, fortel Djupevåg. – Det er som eit spa for fisken. Ein ser det på dei allereie få minutt etter at dei er komne om bord. Løysingane om bord er utvikla med fokus på god fiskevelferd, både under transport og behandling.
Planar
No har dei fokus på det dei håpar skal bli ein ny tørrdokk. Sjølv om verftet har lege her sidan 70 talet, var det aldri regulert for det. No er det reguleringsarbeidet gjort, og dei ventar at planen skal bli juridisk bindande 1.mai. På omvisinga viste Vegard oss dagens tørrdokk som er 20 meter brei og 130 meter lang, men som er for liten for nokre av dagens skip. Desse er både breiare og lengre.
Finansisering
Vi tek med oss nokre av utfordringane verftet lever med. Dei norske bankane gir ikkje finansiering til skipsverft. Eksportfinansiering Norge som hjelper bedrifter med statlege lån og garantiar, stiller så tøffe krav at det i praksis medfører at verftet ikkje kan få lån eller garantiar til konkurransedyktige vilkår. Løysinga vart finansiering frå dei tyrkiske bankane.
Infrastruktur
Infrastruktur er ein anna utfordring. Flyplassen i Førde er enormt viktig og flittig brukt, men no er det varsla færre avgangar derifrå. Og sjølv om området er nydeleg nok, er det elendige vegar, dyr kraft og lite bustader tilgjengelege i nærleiken. Verftet løyser det meste, men det er krevjande. Dei som vil ha bustader, er ikkje på jakt etter eit småbruk med driveplikt. Og så hadde det vore kjekt om det hadde gått buss frå Dale og Høyanger som passa med arbeidstidene.
Framtidsrretta
Inntrykket vi står igjen med er at verftet er godt rusta for framtida, og at dei har ei stabilt positiv utvikling. Ei stor ordrereserve som skal produserast dei neste åra, medfører eit behov og ein ambisjon om å rekruttere fleire til verftet. Vil ein ha ansvar, er moglegheitene gode for rimeleg raskt å jobbe seg oppover.
Det blir spennande å fylje med på Tersan Havyard framover. Blir det ein ny tørrdokk der den er tenkt, får dei tak i 30 nye arbeidstakarar og utvida fasilitetane tilstrekkeleg? Det manglar i alle fall ikkje på vilje og kunnskap i Tersan Havyard.

På dei 100 åra har det vore både oppturar og bølgedalar i verftshistoria som starta på Løland i 1918. Faktisk starta det i det små allereie i 1914 med ei smie og produksjon av trillebårer, vognhjul og turbinar til for småkraft, før «gründer» Jonas Løland gjekk i kompaniskap med Knut Wolff og Eivind Bakken i 1918, og grunnla Løland Motorverksted. Då bygde dei den første slippen for å drive med vedlikehald og reparasjon av fiskebåtar. Seinare byrja dei å konstruere skip, og første nybygg “Loftesnesferja” var levert i 1938. I 1979 vart verftet kjøpt av Kleven med partnarar, og i 1990 vart dei medlem av Kværner Gruppen og fekk namnet Kværner Kleven. I 2000 kjøpte Per Sævik verftet gjennom Havila fra Kværner Gruppen, og grunnla Havyard Leirvik. I nyare tid har Havyard egna seg til nybygging av skip, før dei no produserer på tre felt; nybygging, ombygging og vedlikehald og service, og under paraplyen til Tersan.


