KampSPORT på Hellevika

Feb 9, 2026

Det lyser i gamle Hellevik skule, og ein kan sjå kjappe bevegelsar der inne. Det er tirsdag og kickboxing-trening er på gang. Tommy Dale, tilflytta frå Bergen- og Frode Enstad frå Hellevik har begge tidlegare helde på med kickboksing i Bergen, og trenar no folk i ytre Fjaler i kampsporten. Dei har faktisk heldt på i snaue 2 år, har 34 medlemmar, og 5 av dei har allereie fått prøvd seg i kamp på treningsstemne hos venneklubb Champions Kickboxingklubb i Bergen.

Gjengen som er her i kveld er både nybyrjarar og folk som har trena ei stund. Øktene startar med grundig oppvarming og tøying til full musikk. Så byrjar Tommy med å repetere grunnleggande slag- og sparketeknikk til nybyrjarane. Dei trenar så to og to, der den eine står med sparkepute og tar imot og den andre sender velretta passe harde slag eller spark mot puta. Frode viser teknikk ved boksesekkane til dei vidarekome. I kveld øver dei på korleis ein slår seg inn mot ein motstandar, og korleis ein kjem seg trygt ut frå motstandaren si rekkevidde etterpå.

Vi lenar oss litt på kjenningar frå kickboxingmiljøet i Bergen no i det som framleis må kallast oppstart, fortel Frode Enstad. I tillegg til treningsstemne hos Champions Kickboxing har vi hatt besøk av landslagsutøvar Joachim Ohnstad frå same klubb. Han leia treningshelga i fjor vår og var dommar i interne treningskampar. Det var stor stas for alle saman!

Huset

Sidan då har vi vore så heldige å få ta i bruk lokale på gamle Hellevik Skule, takka være god støtte frå Vinn Vind Midlar frå Lutelandet, Sparebankstiftinga Fjaler, Idrettsfondet Sogn & Fjordane og Mowi-fondet. Og ikkje minst dugnad!

Her håpar vi å kunne bli, så vi må satse på vidare støtte frå desse og andre. Skulen er perfekt for oss. Her kan treningsmattene ligge permanent på golvet, utstyret vårt er ikkje i vegen for andre og vi kan sette treningstider sjølv slik at vi kan legge til rette for dei som kjem med ferje frå og til Askvoll for å trene med oss. Medlemmar kan låse seg inn for eigentrening, vi har plass til leikerom for dei små som vil være med foreldra på trening, og det er i det heile tatt eit veldig godt egna lokale for oss. Geografisk ligg det godt til rette for besøkande frå alle himmelretningar.

Folka

Nathalie begynte høsten for eit år sidan og har trena sidan då. No er ho gravid, og kan ikkje vere med på alt, men ho gir boksesekken nokre reale runder. Det kan sjå ut som det her passar fint for å bli kvitt litt gruff. Nathali medgir at det er ein fin måte å sleppe ut litt aggresjon på, men at det ikkje er difor ho er her. Det gir veldig god trening for heile kroppen, og det er ein fin gjeng som går her. Ho har ikkje delteke i konkurransar, men vore med på nokre lette sparringar (simulert kamp) på trening. Dottera Thelma deltek på mandagspartiet for dei yngste, men er ofte med inn på kveldtreningane og leikar på leikerommet medan treningane pågår.
Vi har for lengst gjenkjent den spreke bonden som sparkar laus med høg intensitet. Anna Linnea som Nytta var og besøkte på Furseth, er tydeleg sterk i kroppen og ser ut til å ha trena her ei stund. Bondeyrket gir nok òg eit godt utgangspunkt. Her er folk i alle aldrar og utgåver. Det ser ikkje ut til å ha noko betydning. Stemningen er lun og god.

Finne sin idrett

Ikkje alle finn sin idrett i fotballen. Så då vi fekk starta opp igjen Hellevik idrettslag for nokre år sidan var grunntanken å tilby noko ekstra. Vi ville tilby ein aktivitet vi sjølv har hatt mykje glede av, og som ikkje var her frå før, fortel Tommy. Dette er ikkje ein voldsom eller skummel sport- og vi er veldig strenge på at det ein lærer her tar du ikkje ut på andre i fritida, då er det rett ut. Sport er viktigaste ordet i kampsport.
Du får trena heile kroppen. Styrke, kondisjon, koordinasjon, balanse, refleksar, spenst, og fleksibilitet. Kjensla av meistring og sjølvtilliten kjem etter omtrent 15 minutt ut i første trening, og det er nok mykje av grunnen til at langt over 90% av alle som har vore innom og prøvd har fortsett. Det er vi veldig fornøgde med. Aldersspennet er 6 år til 50+, fordelt på dei forskjellige partia.

I tillegg til kickboxing, har dei starta med skøyter og hockey i ballbingen. - Vintrane her er jo vanlegvis ikkje så stabile som i år, så tanken var at det raskt kunne bli trygg is. Her er det utandørs belysning òg, så dette har vorte populært. Det kjem kanskje turn i bygget òg, mattene ligg jo klare.

Bli med på Open dag

Vi har merka oss at klubben får storfint besøk søndag 15.februar. Då blir det open dag frå kl. 13 – 15, med besøk frå Morten Saksvik, trenar og drivar av kickboksing klubben i Fana IL. Saksvik har vore landslagstrenar og har trent mange utøverar til fleire nasjonale og internasjonale titlar. Søndagen er for oss som vil komme innom og sjå, høyre og evt. prøve. Kom igjen og bli med!
Sjekk ut Facebook arrangementet

Hellevik Idrettslag vil gjerne høyre frå deg om du lurer på om dette passar for deg. Send dei ei melding på Facebook, eller kom innom Hellevik skule tirsdagar 18-19: 30 eller laurdagar 12-14 om du har lyst å prøve utanom den opne dagen. Det er heilt gratis, og dei har pengane tilbake garanti om du ikkje synest det er moro.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst