Grenselaus arbeidsmarknad: Hos Havtech i Holmedal

Adm.dir Kjartan Habbestad og Salsmedarbeidar Umberto Iversen
Det starta med at nokon stilte nokre gode spørsmål i ein rådgjevarsamtale. Vi er på besøk hos Havtech i Holmedal, og dagleg leiar Kjartan Habbestad drar oss igjennom historia og formålet med selskapet.
-Me er eit software-selskap som sel eigenutvikla programvare til reiarar i inn- og utland, og me har ein ganske så mangfaldig kvardag. Min dag i dag starta med ein prat med ein Controller i Manilla og deretter med ein HR-ansvarleg på Svalbard. Det er spennet i det me jobba med. Kjartan har med seg salsmedarbeidar Umberto Iversen i møte med oss. Dei andre sit ute og et nybakte bollar på lunsjrommet i Holmedal Næringshage.
På nettsidene har dei formulert formålet slik: Digitale løysingar for eit enklare liv på havet.
Slik at du kan konsentrere deg om det du gjer best – å styre skuta mot nye horisontar.
Idèen
Det heile byrja då dei såg ei utfordring og eit behov for betre løysingar i den maritime næringa. Spørsmålet om kvifor det tek så lang tid før fiskarane får oversikt over inntektene sine, sette i gang ein tankeprosess. Karane som identifiserte utfordringa, Tor Einar Erikstad og Bjørn Klausen tok tak i problemstillingane, og utviklinga dreia seg etter kvart om å finne digitale verktøy som kunne forenkle og effektivisere administrative prosessar til sjøs. Slik la dei grunnlaget for eit selskap som kunne tilby programvare tilpassa maritime utfordringar, langt utover berre fiskeri. I 2022 kom Kjartan inn i biletet, med lang fartstid frå Elis, Enoro og Hansen, og førte satsinga vidare inn i nye segment og marknader.
Produktet
Havtech har i dag spesialisert seg innan maritim administrasjon på ei fellesplattform for alle om bord. Dei tilbyr ein mannskapsapp på mobil og ei webløysing for administrativt personell. Applikasjonen har fått namnet OMBORD og er ei modulløysing for alt ein treng å halde styr på om bord. Produktet dekkjer turnus planlegging, timeregistrering og lønns-/lott-berekning. Løysinga hjelper eksempelvis med å halde orden på kor mange som er om bord, kven som skal av når og i kva hamn, i sanntid.
Plasseringa
Men kvifor etablere seg her i Holmedal? Kjartan viser eit bilde som dei brukar for å presentere seg. Det er teke på Dokka og viser Solund, Atløy og elles Askvoll. Og om ein dreier litt mot nord, så ser du Florø. Det dekkjer nærområde deira, og i det finn du havbruksnæringa med serviceaktørar, fiskeri, frakt av passasjerar og gods på kjøl. I denne delen av landet vårt har dei maritime næringane tradisjonelt vore store og dei er her framleis. Om sals- og marknadssjef Ann Kathrin Hårklau som bur på Atløy tel kor mange navigatørar ho kan nå på 5 minutt, så er det svært mange. Om du ser mot Dale så er det ein uforholdsmessig stor del med folk som dei siste 20 åra har levd av og med IT. Holmedal ligg i skjeringspunktet på fleire vis.
Sterkt fagmiljø
Avtrykket etter Elis er påfallande. I tillegg til hovudkontor i Holmedal har Havtech eit avdelingskontor på PEAK i Førde. Der er det ein del teknologibedrifter, og ifølge Kjartan er det gamle Elis- og Enoro-kollegaer i alle selskapa.
I Havtech har dei fått til eit tett fagmiljø med fokus på deling, rask «onboarding»-prosess, og strukturerte rutinar for drift og kvalitet. – Prosessane og metodikken me brukar står ikkje tilbake for noko utviklingsmiljø, kjem det fornøgd frå sjefen sjølv. Vi har eit miljø for å forbetre kvarandre.
Og teamet veks, men dei må prøver å vekse i eit fornuftig tempo. Det manglar ikkje på flinke folk i nærområdet, og det kjem stadig nye opne søknader frå «glimrande søkjarar». Vi har veldig god tilgang regionalt. No skal tre av dei fast tilsette ut i pappaperm, og difor har dei har fått in Pål Hegrenes Vindenes som bur rett borti her. Dei hadde mange gode søkjarar, men landa på at den nærmast tilgjengelege, også var den beste. Han leverte koding før lunsj dag to.
- Me set elles som krav at ein må flytte hit. Det er viktig for oss å kunne skape ting her vi bur. Det er motivet til dei som har starta dette. Vi får òg vite at heile «33 % av «mannskapet» i Havtech bur i Fjaler, fordelt på Dale, Flekke og Hellevik.
Marknad
Marknaden? - Der er fellesnemnaren at det flyt og at det er regulert av Sjøfartsdirektoratet. Vi leverer til reiarlag med ulik verksemd som fiskeri, havbruksservice, passasjer- og godstrafikk. Vi er eit utviklingsselskap, og då skal vi ligge frampå og utvikle oss saman med kundane våra, lovar Kjartan.
For oss i Nytta var dette eit nyttig møte. Vi er også eit ungt selskap, og det å bygge kunnskap og nettverk er viktig for oss. Då er det viktig å møtest og snakke saman på tvers av bransjar og grenser. Kjartan fortel at dei får fleire søknader enn dei kan tilsette. Dette er flinke folk som saman med nokon som har ein god idé, kan utrette store ting. At vi no har møttest og kjenner betre til kva den andre driv med, kan bety framtidige koplingar. Kanskje kan vi føre dei rette folka saman.


