God drift i den ytterste utkant

Kjetil Fristad foran bil, hus og sjøutsikt
Kjetil Fristad foran bil, hus og sjøutsikt
Kjetil Fristad foran bil, hus og sjøutsikt
Kjetil Fristad foran bil, hus og sjøutsikt

Jan 8, 2026

Sist vi var på Grytøyra missa vi Fristad Elektro, så denne gangen gjorde vi avtale med Kjetil Fristad. Han fortel at det var far hans John Fristad som starta selskapet i Førde i 1977, og der var dei fram til 1980. I 2013 tok Kjetil over som dagleg leiar. Dei er i dag 3 tilsette, deriblant sonen, og etter nyttår får han inn ein ekstra. Kundane er både private og offentlege i HAFS regionen.

Det har vore mykje oppdrett no, og lite bustadbygging, kun 2-3 nye hus i år. Han har likevel hatt rikeleg med jobb, men ikkje så store overskot som då han kom i Firda som eit eksempel på at det går å drive verksemd i utkanten.

Ny teknologi kjem i rivande fart i denne bransjen. Smarthusa har mange fordelar. - Du kan styre det meste frå mobilen. Ikkje alle vil ha det, men dei som ynskjer det går gjerne «all in». Å styre lyset er ein ting, men det å kunne sette på varmen før du kjem på hytta er i alle fall smart. Fristad Elektro har kompetansen. Det kjem nye forskrifter kvart fjerde år. No kjem NEK2026, og då kjem nye kurs i samband med det. NHO Elektro Sogn og Fjordane held desse.

Han håpar å få litt jobbar på Lutelandet, som underleverandør, og har sjølvsagt registrert seg i leverandørkartlegginga vår. Det er tross alt berre 5 minutt ut dit, og han kjem til å ha eit lager som sikrar kort leveringstid.

Han har ikkje noko å seie på kommunen, - det har fungert for næringa mi, men det er verre med Statsforvaltaren. Det er viktig å få litt kjapt svar. Det er ei betring på gang. Kommunen kunne kanskje vore meir oppsøkande, men Nytta kjem jo.

Vi snakka litt vidare om kva som er viktig for firmaet. - Ferjesambandet Fure Værlandet er viktig å oppretthalde for ikkje å miste kundegrunnlaget som vi har på øyane. Her håpar han kommunen er på, slik at dei kan ha dette sambandet i ei eller anna form, også i framtida.

Som ein liten kuriositet, fant vi også ut at Helga som vi har skrive om tidlegare, er sambuar med sonen til Kjetil. Kjetil peika også ut tomta der Helga sin kollega, Oddvar Einen, skal bygge det nye huset for seg og familien. Det ligg ein del nye hus her på Grytøyra, og det er fleire som har flytta hit dei siste åra og satsar på eit liv her. Her har ein flott utsikt og alt ein treng i nærleiken. Det går an å leve godt her “i den ytterste utkant”.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst