Ein TALentfull gjeng

Jan 27, 2026

«Å vere rekneskapsførar er utruleg spennande, sjølv om det berre er vi sjølve som veit det.»

Ordet rekneskapsførar – det osar ikkje akkurat spenning. Eller? I møte med det lokalt eigde Accountor HAFS har ein av oss nett lagt ut om korleis ho kom til å gå 2 år på rekneskap på «Handelsskulen» i Førde, i staden for eitt, fordi reiselivslinja vart flytta til Sandane siste året. Kunnskapen vart aldri brukt, og ho trur ikkje yrket passar hennar personlegheit. – Ei vanleg misforståing, svarar Kim Frode Solheim, dagleg leiar i Accountor HAFS. Han var heller ikkje klar over kor mykje dei faktisk får lov til å jobbe med for kunden, før han starta i bransjen. - Vi har mange typar rekneskapsførar, typen som elskar kundekontakt, den meir introverte som elskar å fordjupe seg i tal foran skjermen, og så dei som likar balansen, i dobbel forstand. Kundane er heller ikkje like, og det gjeld å finne den beste «matchen». Dei er no 17 tilsette, inkludert tilsette som sit i Leirvik og Førde. Kim Frode er ein av dei som flytta heim frå Bergen, fordi «timingen» var rett. Då telefonen kom frå sjefen sjølv, Ole Hope, vart heimflytting meir aktuelt. Sånn cirka to veker seinare visste han og kona at det var eit barn på veg. På tide å flytte heim.

Så kva gjer ein rekneskapsførar?

Det er riktig som det står på nettsida. - Vi hjelper kunden med rekneskapen, lønna og rådgjevinga, kort sagt dei økonomiske aspekta, og så kan kunden bruke tida si på si kjerneverksemd. Som sparringspartnar kan vi hjelpe med skatteplanlegging, samtidig som vi held dei innafor regelverket. Vi er òg eit tiltrudd mellomledd mellom banken og kunden, mellom revisor og kunden. Ofte har vi meir inngåande kjennskap til bedrifta, enn dagleg leiar sjølv.

Historia

Ole Hope er den det heile byrjar med. Han starta med rekneskap tidleg på 80-talet, men hadde ingen klar tanke om å starte rekneskapsbyrå. Tvert imot byrja ha han på landbrukshøgskulen, men hoppa av etter vel eit år, og tok rekneskapsutdanning på Langvin jordbruksskule. Det vart ein gradvis start, fordi det kom folk og spurte om han kunne ta rekneskapen. Den første tilsette i Hope Rekneskapskontor AS, var Berit. Ho gjekk av med pensjon for snart to år sidan. Etter kvart kom Jostein Sylta inn som samarbeidspartnar og medeigar. Fleire namn blir nemnde, men Ragnhild Nordnes som har personalansvaret kom inn i 2008 som nr. 6. Kim Frode byrja i 2012. Etter fleire år med gradvis flytting av leiaroppgåver, er det Ragnhild og Kim som no vidarefører leiing og lokal eigarskap.

Stabilitet

Vi har hatt ein fin vekst over lang tid, men det gjekk relativt raskt frå 7 til 17 personar, det vil seie 16 årsverk. Deltidstilsette har vorte heiltidstilsette. Nokre gonger kjem kundane etter dei tilsette. Kjennskapen og ryktet til personen er viktig. - Vi har låg «turnover», seier Ragnhild. Kunden stolar på oss. Det gir stabilitet. Og det er nettopp stabiliteten som er ein av nøkkelkvalitetane i selskapet.Vi kjenner kunden såpass godt at vi veit kva kunden treng og har behov for. Vi passar på at kunden held fakturerings-takten, at lønningane går ut, og så er det meir formalia, ofte ting som kunden ikkje ser. Vi skal dokumentere mykje for kunden og oss sjølve. Kundeopplevinga er òg vorte mykje betre, når kunden òg har direkte tilgang til rekneskapen til ei kvar tid, og kan sjå kva som skjer.

Å slå inn opne dører

Det har skjedd mykje sidan Ole Hope starta med rekneskap på 80-talet. Han står bak viktige satsingar i kommunen. Han var med frå starten av i Dale Senter, og sit som dagleg leiar i Dale Utleigebygg AS, der Nytta er ein av over 20 verksemder som leiger kontor i andre etasje i Dale Senter. Men det får bli ei eiga historia. Han er òg dagleg leiar i Sparebankstiftinga Fjaler. Så sjølv om det har skjedd eit generasjonsskifte i rekneskapsbyrået, har han ikkje spesielt rolege dagar. - Eg har byrja å gje frå meg roller, slik at det skulle bli ein glidande overgang. Kim Frode «slo inn åpne dører» då han signaliserte at han var interessert i meir ansvar. Han vart dagleg leiar for fire år sidan. Hausten 21, overtok Ragnhild personal- og kvalitetsdelen.

Hope oppsummerer slik: Vi er ein stabil og stor arbeidsplass, med lite utskiftingar, god leiing som ser dei tilsette. Dei har fleksible arbeidsdagar, friheit under ansvar. Vi deler på ting, passar på kundane våre. Og vi er privilegerte som bur der vi bur. Her er nye barnehagar, gode skular og sosiale arenaer. Rekruttering burde ikkje vere vanskeleg.

P.s. Sitatet i overskrifta kjem frå Ole Hope.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst