Dette meiner Nytta må skje i Dale sentrum

Mar 27, 2026

Foto: Sval Arkitektur

Dale sentrum står framfor viktige val. Skal Fjaler halde fram med å vere ein kommune der folk vil bu, arbeide og etablere seg, må vi utvikle eit sentrum som møter framtida. Nytta meiner tida er inne for å ta eit meir heilskapleg grep, med utgangspunkt i tomta der Byggtorget ligg i dag.

Bustadutvikling som gir plass til fleire i Fjaler

Det er etterspurnad etter bustader i Fjaler. Mange ønskjer å etablere seg her, men kommunen greier i dag ikkje å frigi nok tomter til einebustader. Samstundes ser vi at bustadmarknaden står stille.
Ved å byggje fleire moderne leilegheiter i Dale sentrum kan vi skape rørsle i marknaden. Nokon flyttar frå einebustad til leilegheit, einebustadar blir frigjorde, og nye familiar får høve til å etablere seg. Slik får vi både fleire bustader i omløp og betre utnytting av eksisterande bygningsmasse.

Aldersvennlege bustader som avlastar kommunen

Fjaler, som resten av landet, står midt i eit demografisk skifte. Vi får fleire eldre, og presset på kommunale tenester vil auke dersom vi ikkje gjer smarte grep no.
Agenda Kaupang peikar på «tiltakstrappa» som eit viktig verktøy: Byggjer vi gode, tilgjengelege og aldersvennlege bustader, kan fleire klare seg sjølve lenger. Det gir betre livskvalitet for den enkelte og lågare belastning på kommunale tenester over tid.
Eit kombinasjonsbygg med leilegheiter, næringsareal og kommunale tenester vil vere godt eigna for dette. Døme frå Lindhagen og Apotekargården i Førde viser at slike hybridløysingar gir synergiar som styrkar både bruk, økonomi og gjennomføringsevne, også i mindre kommunar. Nærleiken til sjukeheimen i Dale er i tillegg ein klar styrke.

Byutvikling

Sjølina i Dale er ei av dei store, uutnytta perlene i Fjaler. Frå kaien ser vi ein fjord som kunne vore plakatmotiv for heile regionen. Samstundes framstår sjøfronten i dag som lukka og lite inviterande både for innbyggjarar og tilreisande.
Ved å utvikle området mellom badevika og sentrum kan vi opne strandsona, rydde opp i eit lukka område og lage ein akse mellom badevika og sentrum. Dale treng eit estetisk løft og betre tilgang til sjøen, ein stad der folk kan setje seg ned, møtast og trivast. Dette handlar om stoltheit, identitet og kvardagsliv, ikkje pynt for pyntens skuld.

Eit strategisk grep for framtida

Utviklinga av Dale sentrum er meir enn eit enkelt byggeprosjekt. Med auka aktivitet på Lutelandet vil Fjaler trenge bustader og attraktive lokalsamfunn for å rekruttere arbeidskraft og nye familiar i åra som kjem.
No har vi eit reelt handlingsrom. Høyringa av kommunedelplanen gir oss moglegheit til å setje retning for dei neste 20 åra. Dale sentrum må utviklast, ikkje fordi utvikling i seg sjølv er eit mål, men fordi dette betyr noko for kven som vel å bu, jobbe og leve livet sitt i Fjaler.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst