Containerservice med trøkk

Jan 20, 2026
På besøk hos Alværvik Containerservice gir Rune Alværvik oss ein gjennomgang av behandling og sortering når containeren kjem inn full i avfall. Vi står inne i ein ryddig hall som han fekk sett opp for fire år sidan. Her inne blir el-avfall, metall og anna avfall sortert. Seinare blir det levert dit det er høgst lønnsemd eller lågast kostnad. Stål og jern* blir køyrt til Florø, restavfallet til Bergen der det går rett til forbrenning.
Tidlegare var Rune i entreprenørbransjen, men helsa gjorde at han ikkje kunne halde fram. I 2016 kjøpte Rune selskapet Anders Øye Container Service. Han syntes det var greit å ta over eit allereie etablert firma. Sidan den gang har det berre auka på med både containerar og omsetting. I fjor bikka han 7 millionar i omsetning. Han driv selskapet saman med sonen som stort sett er sjåfør. Når det trengs ekstra sjåførar, leiger han desse inn.
Dei har ca. 140 containerar, ca. 100 av dei er ute no. Han finn raskt ut at dei har hatt 2500 tømmingar i dei fire åra sorteringshallen har vore der. Mange av kundane er fiskeoppdrettsselskap, snikkarfirma, og privatpersonar. Han har nokre ståande ute på Lutelandet også. Det skjer mykje her i Fjaler og HAFS-området, så det blir mykje aktivitet, men transportnæringa har høge kostnader så alle månader er ikkje like god butikk.
Ikkje alle containerane er avfallscontainerar, nokre er også for lagring. Det er mest firma som leiger desse, men privatpersonar kan også leige dei til eksempelvis flytting. Rune har ikkje lagerteneste , men leverer containeren fra A til B.
På spørsmål om kva det raraste han har funne er, viser han oss eit svært patronbelte. Vi ser også ei gammaldags utelykt av merket Aladdin lenger bort på veggen, men ellers er det ikkje mykje som minner om samlemani her. - Eg må jo ha det ryddig og reint her. Og så håpar vi å bidra til eit ryddigare Fjaler og HAFS-område.
Bygget vi går inn i no har fleire leigetakarar. Ein av dei er Dale vgs. som for tida er utan verkstad på skulen. Og så står den der foran oss. Woaoh!!!Truck' en der inne i lagerbygget er heilt rå, og vi gløymer heilt at det er containerdrift vi er der for å snakke om. Rune Alværvik er nemleg ein bidragsytar i Trøkk n' Truck - spinnvill og gal festival, som i år går av stabelen 30.juli til 1.august i Førde. Ivar Åsland står bak motivlakkeringa på bakveggen. Inni den amerikanske lastebilen er det normalt sett ei stor god seng, wc, vask og ein liten kjøkkenkrok. Dei amerikanske sjåførane køyrer og bur gjerne i lastebilen i 30 dagar i strekk. I denne er det ein strøken lounge. Det blir ikkje snakka meir om containerar.
*Allværvik Containerservice hentar avfall i containerane sine, og sortert det i hallen sin. Det er ikkje eit mottak av avfall slik Flekke miljøstasjon, men dei tek imot stål og jern når dei førespurnad om det.



