BKK: Laster og spenningar

Jan 26, 2026

Summen av alle laster og spenningar er 0, forklarer Kjell Heggnes i BKK. Når vi snakkar om produksjon av energi, er faktisk ordet last, det same som forbruk. Her gjeld det å oppnå balanse. Ein kan ikkje produsere meir straum enn vi forbrukar. Vi lagrar på ein måte straumen i form av vatn, men når den først er produsert kan den ikkje lagrast i nettet.

Vi har funne fram til BKK oppe ved Hålandsfossen. På vegen har vi køyrt gjennom historia i form av skilt som viser veg til Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk (YSSE) og Sunnfjord Energi, men her oppe er det BKK bilane som dominerer. Kraftverket ved Hålandsfossen har ei lang historie. Det vart bygd i 1917, og bygd ut midt på 50-talet. Då var «gamlemaskina» ikkje tilknytt andre linjer, så det var ikkje uvanleg at ein hadde for lite straum nede i Dale.

Spenningskvalitet

Kjell forklarer at straumen flyt der han er behov for. Når det er lite vasskraft og vind her, kan det komme mykje frå eksempelvis Moskog. Når produksjonen er høgre her, så går overskotet i andre retninga. - Vi er vorte flinkare på det vi kallar «spenningskvalitet». Det er strengare krav no. Kjell Heggnes er avdelingsleiar for Team Ytre Sogn. – Min jobb er å følge opp montørane i Fjaler, Hyllestad, Solund og Høyanger nordside. I dag er dei totalt 10 tilsette ved Dale-kontoret. - Det har vore ei kulturreise å komme inn i BKK. Det har med størrelsen på selskapet å gjere. Før hadde vi mange fleire oppgåver på tvers. No har vi meir spesifiserte oppgåver. Det har kome og gått nokre leiarar, men no sit det to handlekraftige kvinner på toppen. Vi hadde nok nådd målsettinga om 80% elbilar innan 2025, om leverandørane hadde kunna levere. BKK har fokus på bærekraft, blant anna på gjenbruk.

Struktur og bærekraft

Han forklarer strukturen slik. Eviny er mor. Ho produserer straumen. BKK og Eviny Fornybar er to av fleire dotterselskap. Eviny produserer straumen. Eviny Plugg leverer ladestasjonane til bil. Eit anna dotterselskap jobbar no med «landstraum» på store båtar. BKK er nettselskapet som har monopol på bygg og vedlikehald av nettet, distribusjon- og regionalnettet. Nettleiga er inntekta. NVE set ramma for nettleiga på grunnlag av konkurranse med andre nettselskap. BKK blir samanlikna med andre liknande selskap og målt på effektiviteten. – Om vi har mange straumbrot, så går det på effektiviteten vår. Så om ein vel å ikkje investere i nettkvalitet, vil ein få fleire straumbrot, og NVE kan velgje å sette ned inntektsramma. Dette er berre eit av kriteria.

Ove Myklebust og Elis-tida

Vi har tidlegare fått høyre om Ove Myklebust som forenkla avlesingssystemet og faktureringa for kraftselskapet. Han starta i BKK i Bergen, men flytta til Dale og byrja i YSSE. Digitalisering og utviklinga av programvara skjedde i selskapet Elis, og då dei sat her på huset var det smekk fullt. Vi får ei omvising på huset. Der er det no god plass, men i garasjen står det både bil, båt og ATW. Det treng ein når ein skal ferdast her i HAFS.

Spennande jobb

Vi lurer sjølvsagt på korleis det går med Lutelandet og straum, men dette er ikkje Heggnes sitt bord. Han synes det som skjer der ute er spennande og gler seg til å ta fatt på jobben som skal gjerast der. Jobben er i det heile ein spennande jobb. Den er variert og det skjer mykje. Sjølv har Heggnes nett vore på karrieremesse i Høyanger, og BKK stiller sjølvsagt med stand på karrieremessa på Dale v.g.s. den 10.februar. Det er berre å bu seg på litt klatring.


Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst