Betong i sentrum

Dec 8, 2025
Som ein liten enklave ligg betonganlegget til Mathias Øen Transport der, midt mellom skulane, idrettshallen og husa. Det einaste i sitt slag, på fleire vis. I dag kan lokasjonen være ein utfordring for andre enn selskapet sjølv, men den gangen på 80 talet då Mathias Øen fekk ein idé om å starte med betongproduksjon, så var det lite anna her. Det er sonen Frode vi har ein avtale med. Han fortel at faren arbeida som entreprenør, men fant ut at det kunne være betre butikk i å levere grus og betong til entreprenørane, enn å være ein sjølv. Det har vist seg å stemme, men det har ikkje kome av seg sjølv. Det er store investeringar som er gjort.
CE- MERKET*
Selskapet er i dag det einaste i området som leverer eit CE-merka steinprodukt ut frå eige pukkverk og kommune og stat er forplikta til å kjøpe nettopp det. Selskapet har i dag 6 fast tilsette, inkludert lærling og arbeidstrening. Kundane hans er stort sett i Hafs-området fra Ortnevik i aust, Førde i nord, Dalsøyra i sør og til Solund og Bulandet i Vest. Vi har ein lang og god prat om drifta, miljøkrava, økonomien i betongproduksjon, og støymålingar. Frode legg ikkje skjul på at sementproduksjon i utgangspunktet ikkje er det snillaste for miljøet, men han fortel òg om gjenvinning av restbetong der kvar ein smule kan bli brukt om igjen. Det er òg investert i eit filtreringssystem for vatnet som sikrar ei sedimentering, og så blir botnslammet brukt til jordforbetring.
BETONG=
Men korleis lagar ein betong? Når barneskulen kjem nedom og får laga sine ting i betong, får dei og sjå produksjonen. Ein kubikkmeter betong brukar gjennomsnittleg 400 kg sement. Sanden som trengs kjem med båt og steinen kjem frå eige pukkverk på Håland. Og så trengs det vatn, reint vatn.
STØYDEMPANDE TILTAK
Så var det dette med støy. Frode fortel at han ikkje har motteke ein einaste klage frå naboane sine alle desse åra, men at dette er noko dei er bevisste på. Når dei startar 7:30 om morgonen vil ein høyre at dei første massane blir tippa i anlegget, men dei tilpassar seg og unngår å bruke blant anna hjullastaren seint på kvelden. Sjølve anlegget er støydempa. Men skal det byggast bustader tett på anlegget, noko det er behov for, er det anbefalt å utføre støydempande tiltak.
FRÅ STEINKNAUS TIL JORDBRUKSAREAL
Sjølve knuseverket ligg på Håland og det er her jorda med botnslam som forbetring skal leggast ut. Etterkvart som fjellet minkar, kan området igjen sjå grønt ut. Vi skal snakke meir om utviklinga og forretningsmodellen, men før vi forlèt Frode og Mathias får vi tatt ein titt på knuseverket på Håland. Her blir det teke ut stein av høg kvalitet. Frode anslår at det er fjell igjen til omtrent 10 års forbruk med dagens produksjon.
FAKTA OM BETONG
Det er sjølve produksjonen av sement som avgir CO2. Ferdig betong fanga opp og lagrar co2 heile tida så sant den ikkje blir malt eller dekka til. Betong er haldbart og vedlikehaldsfritt. Ei betong-bru har garantert haldbarheit på 100år. Verdas eldste bygg av betong e over 1000år eldre enn eldste trebygg.
Frode om betong: Betong er dessuten verdens mest brukte (og beste) byggemateriale. Det er er brannsikkert og fleksibelt, og kan leverast i utallige variantar med mange artige eigenskapar.
*CE-merket (Conformité Européenne) er produsenten si erklæring om at et produktet oppfylle EU sine grunnleggande krav til helse, sikkerheit og miljø for salg i EØS-området (EU, EFTA). Det betyr at produktet er i samsvar med relevante EU-direktiv og -ordningar, og at produsenten tar ansvar for at sikkerheit er dokumentert.


