Andreas om Fjaler si superkraft

Jan 30, 2026

Dei siste månadene har eg fått høve til å bli godt kjend med næringslivet i Fjaler. Gjennom ei lang rekke bedriftsbesøk har vi teke pulsen på verksemder i ulike bransjar, med ulike storleikar, tempo og ambisjonar. For meg har dette vore ei klar aha-oppleving. Ikkje berre fordi eg har blitt imponert over skaparviljen og gjennomføringsevna, men fordi det har blitt tydeleg kor avgjerande næringslivet er for samfunnsutviklinga.

Med bakgrunn frå kommunal sektor har perspektivet mitt nok vore farga av ei tru på at kvaliteten på kommunale tenester i stor grad definerer kor god ein kommune er å leve i. Det betyr mykje, men det er berre ein del av biletet. I næringslivet eg har blitt kjend med i Fjaler møter eg eit sterkt ønskje om å bidra til noko større enn eigen verksemd. Bedriftene framsnakkar kvarandre, brukar kvarandre og anbefaler kvarandre vidare. Dei tek inn lærlingar og byggjer kompetanse for framtida. Dei integrerer flyktningar og opnar dører for folk som treng ein ny start. Kort sagt: dei vil kvarandre vel, og dei vil Fjalersamfunnet vel.

Dette engasjementet blir ekstra synleg når vi ser på interessa rundt karrieremessa. Ein stor del av næringslivet melder seg på, ikkje primært for å selje noko her og no, men fordi dei tenkjer langsiktig. Rekruttering, tilhøyrsle og framtidstru står i sentrum. Det handlar om å vise ungdom at det finst moglegheiter her heime.

I dag var det ein luring på eit seminar som sa:  «Samarbeid når du kan, konkurrer når du må». Det må vere oppskrifta på eit velfungerande næringsliv. Denne lagånda, denne viljen til å løfte i lag, trur eg er ein av dei viktigaste styrkane våre. I møte med framtida kan det vise seg å vere Fjaler si ekte superkraft.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst