For eiga maskin - ET Hage og Anlegg

Mar 16, 2026
Vi møter Kent Roger Bjørvik Eldevik på ei avkøyrsle han held på å tilrettelegge. Hytteeigar må ha den forsvarleg bygd, før han kan bygge om hytta nede ved sjøen. Kent Roger er ein av fleire som har valt å byrje for seg sjølv i anleggsbransjen, å gå for eiga maskin kan ein kanskje sei. Han sit i ei gravemaskin og har ein lastebil ståande. Det er to av fleire køyredoningar han beherskar. Det er i alle fall lett å sjå at han har den rette teken med grabben, og har gjort dette mange gonger før.
Etter å ha jobba på store prosjekt for Vegvesenet, Vegdekke, PEAB med fleire, valde han å flytte heim til Fjaler og starte for seg sjølv. Jobbane han har hatt, har gitt han ei allsidig erfaring med på vegen. Og som sjølvstendig næringsdrivane frå 2018 har han laga vegar, tilrettelagt og kantlagt oppkøyrsler, stått for drenering og grunnarbeid til garasje-tomter og hustomter. Han har lagt mykje skifer, laga flotte trapper og murar i kvalitetsstein, planta tre, felt, og flytta tre. Det er viktig for han at ting blir gjort skikkeleg og er av ein kvalitet som gjer at det varer. Skal ein få ein og god mur, må fundament under bakken være godt. Han er oppteken av å være punktleg, sjå kunden sine behov, og finne gode løysningar samtidig som han prøver å halde kostnadane nede for kunden. Og nokre gonger er det lurt å seie ifrå tidleg.
På ei tomt i Solund såg han raskt at den store steinen i utkanten, måtte vekk frå tomta han laga til. Han såg at den kom til å komme rett framfor stoveglasa når huset stod ferdig, men det tok tid før ansvarshavande såg det. Steinen måtte til slutt vike. Dette med å sjå landskapet, nivåa i det og forstå korleis det vil bli, allereie når ein stikk ut tomta, det er ikkje alle forunt. Dei fleste som har bygd veg som blir vaska vekk litt seinare, ynskjer seg nok òg ein som kjenner triksa, og som i tillegg sørgjer for at vegkanten ikkje «knekk».
-Det er roleg i marknaden no, og det har vore ein roleg vinter på grunn av manglande hustomter. Det er òg fleire som har starta opp for seg sjølv no, fortel Kent Roger. Dei føregåande åra hadde han fylt opp ordreboka for året no. Det har han ikkje i år. Det ventar fleire jobbar på han, men det er plass til fleire i løpet av året. Han reknar med at det vil bli meir reising igjen, og er ikkje uvillig til det. Det er dette han vil halde på med.
P.s.
Rett før vi skal gå, fortel Kent Roger at han er positiv til det som skjer på Lutelandet og at han håpar det kjem eit biogassanlegg der som kan komme bøndene i Fjaler til gode.
Biogassanlegg er ein type industri som kan etablerast på Lutelandet. Vi jobbar aktivt med å få inn partar som kan inngå i ein industriell symbiose. Meir om dettte seinare.



