Fjaler, med alt rundt

Fjaler utviklar seg ikkje i eit vakuum. Kvardagen til folk i og rundt kommunen er sett saman av samanhengar som strekkjer seg utover kommunegrensa. Difor må utviklingsarbeidet også ta utgangspunkt i ei større perspektiv enn dei administrative grensene.
For nokre handlar denne samanhengen først og fremst om kysten. Fjaler inngår i eit vestvendt fellesskap langs Fjordkysten og i HAFS‑området, der natur, geografi og næringar bind kommunane tett saman. Her deler vi kystkultur, maritime arbeidsplassar og mykje av dei same føresetnadane.
Samtidig er Fjaler del av ein større funksjonell region når det gjeld arbeid, utdanning, kommunikasjon og tenester. Mange nyttar Førde jamleg for jobb, skule, helsetenester og andre tilbod som er samla der. Folk pendlar, byter jobb og tek utdanning innanfor regionen, og dette formar bu‑ og arbeidsmarknaden i praksis.
I rekrutteringssamanheng må ein ta omsyn til begge desse perspektiva. For dei fleste handlar det ikkje om éin kommune åleine, men om heile livskabalen går opp: jobb, bustad, tenester og moglegheiter for to inntekter. Difor samarbeider Fjaler med andre kommunar om å synleggjere regionen samla, og nyttar merkevara Sunnfjord som ei kjent ramme når ein vender seg mot omverda. Har du sett www.sunnfjord.no?
Pendling er ein naturleg del av dette. Fjaler er avhengig av arbeidskraft frå nabokommunane, samstundes som mange fjalerbuar har jobben sin utanfor kommunen. Dette gir eit meir robust arbeidsmarknad og legg til rette for verdiskaping både lokalt og regionalt.
Dale vidaregåande skule er eit godt døme på korleis regionale løysingar skapar lokal verdi. Skulen gir ungdom høve til å ta utdanning nærare heimen slik at vi unngår tidleg utflytting, og er samstundes ei viktig rekrutteringsarena for næringslivet i eit langt større område enn Fjaler åleine.
For Nytta betyr dette at arbeidet ikkje alltid kan avgrensast til eigen kommune. Skal vi bidra til utvikling i Fjaler, må vi også forhalde oss til samanhengane rundt oss. Difor kjem vi til å løfte fram utvalde verksemder og initiativ i nabokommunane gjennom eigne innlegg. Desse er ein del av det regionale arbeidslivet som Fjaler er knytt til og dermed også ein del av grunnlaget for vidare utvikling her.


