HAFS Karrieremesse
10. februar 2026
Program
Messa vert opna klokka 10:00 av ordførar Leif Jarle Espedal
Rolf Magne Golten Andersen er programleiar og vil leie programmet frå scena.
Her vil det mellom anna bli underhaldning frå Kulturskulen.
Messeområdet vil vere ope frå 10:00-14:00

Seminarprogramet vil gå i audutoriet og rom A218/219, og her møter du:
Anniken Gjørøy
Anniken held eit foredrag om hennar historie. Du får høyre om den omponerande reisa frå skule-dropout til gründer i eiga bedrift. Mange av oss blir stoppa av indre og ytre avgrensingar, ofte i form av frykt, tvil og forventingar. Når vi vågar å sleppe taket i det som held oss igjen, og tør å vere meir enn éin ting, opnar det seg nye moglegheiter. Då kan vi bli akkurat det vi ønskjer å vere.


Noregs største fiskeoppdrett i Fjaler!
Ute på Lutelandet skjer det store ting. Det skal byggast eit landbasert fiskeoppdrett som produserer 50.000 tonn laks årleg! Møt Knut, sjefen sjølv, som jaktar unge, lovande og lokale tilsette til Bue Salmon sitt annlegg, og som får delta i eit ellevillt industrieventyr i "vesle Fjaler".
Politiet
Politiet kjem på besøk for eit kort og engasjerande foredrag om korleis det faktisk er å jobbe i politiet. Her får du eit innblikk i kvardagen bak uniforma, ulike roller i etaten og kva som skal til for å bli politi. Det blir snakka om ekte situasjonar, val ein må ta, ansvar, samarbeid – og kvifor dette er eit yrke for dei som vil gjere ein forskjell. Eit nært møte med eit yrke mange er nysgjerrige på, men få kjenner frå innsida. (Bilete henta frå Politiet si Facebook-side)


Sanne Slåtten - Firda
Kven bestemmer eigentleg kva som er sant på internett? Og korleis kan du vite om ei nyheit er til å stole på? I dette korte og engasjerande innlegget møter elevane Sanne Slåtten, journalist i Firda, som fortel korleis nyheiter blir laga i praksis. Her handlar det om å skilje fakta frå påstandar, forstå kontekst og lære kvifor kjeldekritikk ikkje berre er skulepensum, men heilt reell superkraft i arbeidslivet og kvardagen.
United World College
Kva om vidaregåande ikkje berre var skule, men ei moglegheit til å møte heile verda på éin gong? Her får du høyre om UWC Norge, jobb- og karrieremoglegheitene i UWC og UWC Connect, og kva det vil seie å vere elev ved ein internasjonal skule i Flekke. Nokre elevar deler eigne erfaringar, og fortel om Vestland scholarship – ei stipendordning for elevar frå Vestland som ønskjer å søkje UWC.


Lag di eiga brukarrettleiing
Dette er ein workshop der elevane får innføring i eit verktøy som gjer dei betre i stand til å kjenne seg sjølv i møte med arbeidslivet. Alle menneske kjem med ei unik bruksanvisning. Korleis er di?
Økta vert leia av Linda Hovland frå Framtidsfylket.