FRIG - "Få ræva i gir"
Feb 4, 2026
Korleis går vi frå gode intensjonar til faktiske sirkulære verdikjeder? Det var hovudspørsmålet då Hub for Ocean inviterte til HubSirk, ein sirkulær yngleplass for næringsliv, forvaltning og fagmiljø. Over to dagar fekk vi konkrete døme, problemstillingar frå verkelegheita og praktisk arbeid med det som ofte blir kan bli litt abstrakt, sirkulærøkonomi i praksis.
Konferansen tok utgangspunkt i ein enkel, men krevjande tanke: Det vi i dag kallar avfall, er i realiteten ubrukte ressursar. Spørsmålet er ikkje om dei har verdi, men korleis vi klarer å ta den ut.
Eit gjennomgåande poeng frå fleire innleiarar var at dagens system framleis er rigga for lineære verdikjeder. Bellona peika tydeleg på at regelverk, insentiv og struktur i stor grad er tilpassa ein industri som tek ut ressursar, brukar dei éin gong, og kvittar seg med resten. Det skaper reelle barrierar for sirkulære løysingar, sjølv når både teknologien og viljen er til stades. Råvareløftet vart brukt som døme på korleis ein kan jobbe systematisk for å bryte desse barrierane, og løfte restråstoff frå å vere eit problem til å bli ein ressurs i nye verdikjeder.
Frå regionalt hald vart det tydeleg at potensialet er enormt. Vestland fylkeskommune viste fram talmateriale som dokumenterer Vestlandet som ein tung aktør innan hav, fiskeri og havbruk, med store mengder ressursar som i dag ikkje blir utnytta optimalt. Når ein ser desse tala samla, blir det klart at sirkulærøkonomi ikkje er ein reell utviklingsstrategi for regionen.
Eit av dei mest tankevekkande temaa handla om fiskeslam og biologisk avfall. Dette er særleg spennande område for Nytta, med tanke på Bue Salmon si etablering på Lutelandet. NIBIO var tydelege på at lukka oppdrett peikar seg ut som framtida, ikkje berre av omsyn til miljø, men også produksjon, fiskehelse og kvalitet. Slammet som oppstår, kan vidareforedlast til omega-3, protein og feitt. Det som før var ein kostnad, kan bli ein innsatsfaktor i heilt nye marknader.
Her tok også Hellenes Industries diskusjonen eit steg vidare. Ved sida av å sitte på prototype av pyrolysebasert reaktor som kan brenne fiskeslam og produsere gass, olje og biokull, presenterte ein ide om eit modelleringsverktøy der kommunar og regionar kan leggje inn eigne tal for ressursar, energi, infrastruktur og behov, og få ut moglege behandlingsprosessar og scenario. Det er eit konkret døme på korleis ein kan gå frå idé til handling, og frå enkeltressursar til heilskaplege system.
Eit internasjonalt perspektiv vart løfta fram gjennom erfaringane frå Sotenäs Symbioscentrum i Sverige. Her har ein over tid bygd opp ei industriell symbiose mellom aktørar innan gass, fiskeri, havbruk og algeproduksjon. Det viser at sirkulære verdikretsar ikkje er teori, dei er resultatet av langsiktig samarbeid, tillit og aktiv tilrettelegging.
For Nytta vart HubSirk ein god inngang til å involvere oss i utviklinga på Lutelandet. Ambisjonen vår er å bli ein relevant og samlande aktør i arbeidet med å få til ei grøn og framtidsretta industriutvikling ute i havgapet. Overgangen til ei meir sirkulær økonomi skjer ikkje av seg sjølv. Ho må byggjast, gjennom møteplassar, eit felles språk mellom aktørar, meir kunnskap og verkemiddel.
Forkortinga "FRIG" vart lansert på eit av innlegga. Få ræva i gir… Ei rimeleg tydeleg oppmoding til oss sjølv om å setje i gong!
Tusen takk til Hub for Ocean for ei relevant og nyttig samling!



