Ut på bedriftsturnè

 Besøk på Grytøyra Handel i det koselege cafeområdet
 Besøk på Grytøyra Handel i det koselege cafeområdet
 Besøk på Grytøyra Handel i det koselege cafeområdet
 Besøk på Grytøyra Handel i det koselege cafeområdet

Sep 10, 2025

Ut av kontoret og inn i bedriftene

Sidan oppstart 18.august har vi i Nytta hatt kontakt med eit tredvetals bedrifter og organisasjonar. Dei fleste av desse har vi vore ute og besøkt, men vi har òg hatt besøk på kontoret vårt i 2.etasjen i Dale Senter. Her er vi ein del av eit kontorfellesskap med ei rekke lokale bedrifter.
Vi starta med å besøke bedrifter i Flekke, Hellevik, Folkestad, Grytøyra og Korssund. I det siste har vi besøkt næringar, kulturinstutisjonar og skule i Dale. Vi tek for oss eit bredt spekter av arbeidsfelt for å få perspektiv frå ulike hald, og nett no held vi på å gjere oss kjende med teknologi- og kraftnæringa.
Det er ikkje slik at vi har besøkt dei viktigaste først, og kjenner du at det no er på tide å besøke di bedrift, så ta gjerne kontakt.
Men kva er poenget med å reise rundt og drikke kaffi overalt? Vi får vite kor skoen trykkjer, kva idear ein har, og kva forventningar ein har til oss i Nytta. Vi har allereie ført folk saman, som vi har fanga opp kan få til noko meir, om dei samarbeider.
Framtidsfylket, Kunnskapsparken, Invest in Fjordane, Sunnfjord Utvikling, Fjordkysten & Sunnfjord, har vi hatt besøk av. Og vi skal samarbeide og hjelpe kvarandre. Vi må vite kven som gjer kva, slik at vi ikkje gjer dobbelt arbeid.


 


Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst