Sunnfjordlaget: Å bygge ein sterkar bu- og arbeidsregion

Foto: Førdefestivalen
Foto: Førdefestivalen
Foto: Førdefestivalen
Foto: Førdefestivalen

Nov 10, 2025

I dag 10. november lanserte vi sunnfjord.no. Ei ny felles nettside som skal løfte fram Sunnfjord som ein attraktiv stad å bu, jobbe og leve. Lanseringa er første synlege steg i satsinga Sunnfjordlaget: eit samarbeid der alle som jobbar med marknadsføring og rekruttering i kommunane og næringslivet i regionen dreg i same retning.

Nytta AS representerer Fjaler i styringsgruppa for Sunnfjordlaget, og vi har bidratt med innhald på nettsida.

Kvifor er dette viktig for Fjaler?

Fjaler er ein liten kommune med store ambisjonar – og stor aktivitet. Sunnfjordlaget betyr mykje for oss fordi det gjer oss større enn vi er åleine. Med felles profil og verktøy får små aktørar i Fjaler same gjennomslagskraft som større byar når vi rekrutterer fagfolk. Satsinga styrkjer rekrutteringa til nøkkeltenester som skule, helse og tekniske tenester, der behovet er jamt; når regionen står samla, blir det enklare å få folk til å flytte hit og bli.

Ho støttar òg næringsvekst og store industriprosjekt. Planar og investeringar i og rundt Fjaler, til dømes på Lutelandet, krev mange typar kompetanse – frå lærlingar og fagarbeidarar til høgt utdanna – og ei samkøyrd satsing gjer oss meir treffsikre og effektive i jakta på dei rette folka. I tillegg knyter Sunnfjordlaget kvardagslivet til arbeidslivet. Folk flyttar ikkje berre for jobben, men for heile livspakka, og gjennom samarbeidet synleggjer vi det Fjaler er gode på; korte avstandar, sterke lokalsamfunn, kultur- og friluftsliv og eit inkluderande næringsmiljø. Til slutt sparar vi tid og pengar: med felles bodskap, grafikk, fotobank og tekstar slepp kvar enkelt verksemd og kommune å starte på null, og ressursane kan heller brukast på aktivitet og oppfølging.

sunnfjord.no – navet i satsinga

Den nye nettsida samlar inspirasjon, fakta og forteljingar om regionen. Her finn du saker klare til deling, sitat og oversikter som gjer det lett å løfte Sunnfjord i eigne kanalar. Nettsida er laga som felles verktøy for alle – frå kommunar og bedrifter til frivillige og innflyttarar. Ved sida av nettsida er det oppretta ein Instagram-konto: @sunnfjord.no ,som er under oppbygging. På nettsida finn du og ein verktøykassa for næringslivet. Her finn du profilelement, strategi og etter kvart ein fotobank. Alt du treng for å kommunisere heilskapleg om Sunnfjord.

Slik spelar du laget godt

For at nettsida skal få kraft og rekkevidde, treng vi ambassadørar. Ta desse grepa no ved lansering:

• Del sunnfjord.no i eigne kanalar – nettsider, nyheitsbrev og sosiale medium. Få gjerne med at sida er ny.

• Tips kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar. Del denne informasjonen vidare.

• Bruk innhaldet aktivt i stillingsannonser, presentasjonar, konferansar og møte.

Jo fleire som brukar og deler, jo større effekt får vi – for Fjaler og for heile Sunnfjord.

Vil du bidra?

Vi byggjer Sunnfjordlaget steg for steg. Har du gode historier, foto, film eller tips til saker? Ta kontakt via “Om oss” på sunnfjord.no. Redaksjonen koordinerer innspel, og verktøykassa blir løpande oppdatert med ressursar som gjer arbeidet enklare for deg.


Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst