No braka det laus på Lutelandet

Jan 8, 2026

Dei to som trykka på knappen var ordførar Leif Jarle Espedal og dagleg leiar i Bue Salmon, Knut Eikeland. Nytta fekk saman med dei involverte være med på den lett høgtidelege milepæls-markeringa i utbygginga på Lutelandet. Vi skåla i perlande Bris.

Like før jul kom godkjenninga for igangsetting frå kommunen, og Bue Salmon starta arbeidet med fjerning av jord slik at sprengingsarbeidet kunne starte. Med den første store salva i dag, gjekk startskotet for dei forberedande grunnarbeida på det som skal bli Noregs største landbaserte oppdrettsanlegg.

- I dag tar vi eit steg vidare i samarbeidet med Kvantum AS, fortel Knut Eikeland. No er vi fysisk i gang, og det gjer det mogeleg for Kvantum å ta ut steinen, bearbeide den til kundane sine spesifikasjonar, skipe den ut og selge den vidare på den internasjonale marknaden. Planen er at dei første båtane med stein skal gå ut frå kaia her innan 1.kvartal.

For Bue betyr det at dei er eit skritt vidare i arbeidet med å lage plass til dei store kara som skal ned i grunnen og fyllast med laks. – Når vi kjem i gang med bygginga av sjølve anlegget er byggetida på ca. to år, forklarer Eikeland.

Utbyggingsdirektør Terje Simmenes byrja på fredag. Og for en start på karrieren i Bue han har fått, med gjennomgang på anlegget i Bulandet i går, og så den første salva på Lutelandet i dag.

I dag har han fått ei full omvising på området, og han har mykje å gjere seg kjent med framover. – Det er litt som å hoppe på eit tog i fart medgir han, men det har han litt trening med. Som tidlegare prosjektdirektør for Bybanen i Bergen er han kjent med stramme tidsplanar og kompliserte prosjekt. Jarle Hovland som leier dei førebuande grunnarbeida, blir ein del av teamet hans.

Eikeland presiserer akkurat som han gjorde på folkemøtet på Grytøyra, at alt ikkje er på plass enno, men at dei tek eit steg av gangen. Stemninga på Lutelandet var i alle fall høg i dag, og vi gler oss med utbyggarane over framgangen.















Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst