Heim til Grytøyra
Dec 19, 2025
Like før jul i fjor bestemte Helga seg for å flytte heim igjen. Helga kjem frå Hellevik, men då budde ho i Berge, og var meir i fjella enn i sentrum fortel ho. Tida var inne for å forlate byen. Ho sa opp jobben og flytta saman med kjærasten på Grytøyra, sjølv om ho ikkje hadde ny jobb å gå til. Ho regna med det kom til å ordne seg, og det gjorde det.
Med seg i bagasjen hadde ho ein Bachelor i biologi og ein Master i marinbiologi. Ho har til og med fått med seg arktisk biologi p Svalbard, som ein del av studiet. Før det var ho eit år på folkehøgskule i Lofoten. Ho er glad i natur.
Etter å ha sendt ein søknad til Bue Salmon, enda det med tilsetting der som driftsteknikar, ein jobb ho har fått opplæring i. - Med den kompetansen ho har med seg, kunne vi berre ikkje la henne gå, sa Knut Eikeland då vi var på besøk på anlegget i Bulandet.
I Bergen jobba ho på NIVA - Norsk Institutt for Vannforskning. Der jobba ho blant anna med undersøkingar av miljøpåverknader av opne oppdrettsanlegg i sjø, men ho har aldri jobba på eit anlegg før. Ho fortel at ho har lært mykje i den nye jobben, samtidig som ho kjenner at ho har nytte av bakgrunnen sin. Hos Bue har nettopp kvaliteten på vatnet inn i bassenga mykje å seie. Og med tida får ho kanskje brukt endå meir av av marinbiologien i ho. Det sirkulære tiltalar ho.
-Eg tenkte jo at det kom til å ordne seg med jobb, men at det skulle ordne seg så fint, var ikkje gitt. Ho syns det er spennande å være med i ein så tidleg fase, i eit selskap som satsar så innovativt som landbasert oppdrett er. Det tel og med at selskapet har valt å etablere seg "her ute", og er med og skaper noko for lokalsamfunnet.
No pendlar ho og kollega Oddvar Einen til Bulandet, også han frå Grytøyra. Ferja tart ein time frå Fure, og halvannan tilbake via Askvoll, men Bue er flinke til å tilrettelegge. Ho jobbar mandag til og med torsdag, og får fredagen fri. Og når anlegget på Lutelandet kjem i driftsfasen, er sjølvsagt håpet at det skal bli jobb der, og då blir vegen veldig kort på jobb.
Så kva er det beste med å ha flytte heim igjen?
Foruten å bu med kjærasten og ha familien i nærleiken, så er det naturen, medgir ho. Det er og flott å bu ein stad der ein har godt med plass utanfor, og ikkje berre ein liten altan. Det er alltid noko å pusle med ute. På spørsmål om ho saknar byen, svarar ho at det er ei tid for alt. Ho er ferdig med å bu der, og seier ho finn ei heilt anna ro her.
Det er det kanskje litt meir planlegging som må til når ein bur her. Nokre ting var enklare i byen. Fjaler har eksempelvis ikkje apotek. Men det er mykje positivt som skjer her, også her ute i Ytre. På Våge skule er der eit kjempeflott treningsstudio med masse apparat. På Hellevik er det nokon som har starta opp med kickboksing i den gamle skulen. Om søndagane kan dei dra og bade i svømmehallen på Hauglandssenteret. Og skjer det noko ein har lyst til å være med på, som ein konsert i Førde eller ei byhelg i Bergen, så er det ikkje så langt å dra.
Vi heiar på folk som tør å ta ein sjanse og ynskjer Helga masse lykke til med sitt nye liv på koselege Grytøyra!
På bildet: Fra venstre Helga Øen Åsnes, Andrea Flølo, sambuar med Oddvar Einen lengst til høgre, i selskap med prosjektkoordinator Jarle Hovland i midten.



