God natt, grunnrenteskatt
Nov 6, 2025
Eit fleirtal på Stortinget varslar no at dei vil stanse regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på småkraft. Det kan bli avgjerande for å få i gang igjen prosjekt som allereie er satt på vent dei siste dagane. Fleire store utbyggjarar melde full stans straks forslaget kom, nettopp fordi lønsemda og finansieringa vart uviss.
Kva konsekvensar vi stod i fare for å få:
Bråstopp i investeringar: Utbyggjarar sette på pause både byggeklare og pågåande prosjekt. For distriktskommunar ville det raskt slå ut i færre lokale oppdrag og mindre aktivitet i leverandørkjedene.
Verditap og svekka kommuneøkonomi: Kraftmiljø i sørvest har peika på betydelege verditap i eigarskapen, noko som i neste omgang rammar kommunar sin skatteinngang.
Utsett kraftproduksjon: Planlagd ny fornybar energi, heilt konkret fleire titals småkraftprosjekt, stod i fare for å ikkje bli realiserte. Det betyr mindre grøn kraft inn i nettet i åra framover.
Sårbar næring i Fjaler
I Fjaler og regionen rundt er småkraft ei viktig byggestein i den grøne verdikjeda. Næringa er tett vevd saman med lokale fagmiljø innan betong, elektro/automatisering, røyr og mekaniske tenester, i tillegg til transport, anlegg og ulike rådgjevarmiljø. Når rammevilkåra skiftar brått, treff det heile denne kjeda: frå grunneigarar med fallrettar til handverkarar, verkstader og leverandørar som planlegg bemanning og investeringar ut frå ordrebøkene. Difor er småkraftmiljøet i Fjaler ekstra sårbart for raske politiske vendingar, uavhengig av kva ein meiner om nivået på skatten.
At det no er fleirtal for å stanse forslaget, dempar uvissa og gir sjanse til å få ein meir føreseieleg prosess. Men signala i seg sjølve løyser ikkje alt. For å sikre kraftproduksjon, investeringar og lokale ringverknader treng næringa stabile spelereglar over tid. Det handlar ikkje berre om tal på skatt, men om tillit: at reglane ikkje blir endra undervegs i prosjekt som ofte har planhorisont på 30–50 år.
Nytta har den siste tida hatt dialog med berørte bedrifter i kommunen, delt kunnskap og erfaringar med media, og vore i kontakt med politikarane på Sogn og Fjordane-benken på Stortinget. Målet har vore nøkternt og tydeleg: å synleggjere dei lokale konsekvensane av uvissa for arbeidsplassar, leverandørar og framtidig kraftproduksjon. Vi er glade for at dette no blir tatt omsyn til, og håpar at vidare behandling skjer på ein måte som gir føreseielege rammer for både grunneigarar, utbyggjarar og leverandørane våre.



