Det skjer! Bue Salmon flyttar fjell på Lutelandet

Bilde fra samling til U40 initiativ
Bilde fra samling til U40 initiativ
Bilde fra samling til U40 initiativ
Bilde fra samling til U40 initiativ

Nov 13, 2025

Onsdag kveld samla over hundre menneske seg i Våge grendahus for å høyre siste nytt om planane på Lutelandet. Folkemøtet vart arrangert av oss i Nytta, i samarbeid med Bue Salmon.

Under møtet kunngjorde Bue Salmon at dei no startar grunnarbeidet for sitt landbaserte oppdrettsanlegg. Det markerer starten på eit av dei største industriprosjekta i Fjaler si historie.

Anlegget får ein kapasitet på 50 000 tonn laks, noko som gjer det til den største landbaserte konsesjonen som er gitt i Noreg. Investeringa i første byggetrinn er berekna til 2,6 milliardar kroner, og vil skape rundt 30 faste arbeidsplassar når drifta kjem i gang i 2028.

Sjølve grunnarbeidet omfattar graving, sprenging og knusing av massar på eit areal på 38 000 kvadratmeter. Gjennom eit samarbeid med Kvantum AS blir steinmassane frå utbygginga gjort om til ein verdifull ressurs, og ikkje eit avfallsproblem. Det gir aktivitet og ringverknader både lokalt og regionalt.

Bue Salmon har frå før drift i Bulandet, der dei har bygd opp eit pilotanlegg med investeringar på over 300 millionar kroner. Erfaringane derifrå er viktige i vidare utvikling på Lutelandet.

Prosjektet vil krevje brei mobilisering både i form av straumkapasitet, infrastruktur, kompetanse og bustadtilbod. Her må mange bidra for å sikre at satsinga får gode rammevilkår.

For Nytta er prosjektet på Lutelandet eit døme på korleis industri og samfunnsutvikling heng tett saman. Når store investeringar skjer i distrikta, blir resultatet meir enn arbeidsplassar. Det vil skape framtidstru, tilflytting og berekraftig vekst.

Bue Salmon, Fjaler kommune og lokale aktørar jobbar no tett saman for å sikre framdrift i prosjektet. Det som lenge har vore planar, blir no realitet.


Det skjer på Lutelandet.

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst

Kontakt oss

post@nytta.no
+47 905 17 173

Vi jobbar for å skape positiv og berekraftig vekst