Byggtorg med byggeplanar
Jan 14, 2026
Vi har to gode grunnar til å besøke Dale Byggsenter AS, eller Byggtorget som kjeden heiter. Dei driv ein forretning som vi vil høyre meir om, og dei har spennande flytteplanar. Så når flyttar de inn i dei gamle fabrikkhallane, kalla «Kloggen»? Svaret er at no skjer det saker og ting! Finn Bjarne Brynestad gler seg til å få meir plass, meir sentralt. - Med plasseringa rett overfor Dale Senter kan vi forvente meir drop-in. Ute av syne, er det lett å bli gløymd. Og det har forekomme at folk har køyrt rundt og leita etter butikken. Plutseleg står skiltet nede i gata med pila feil veg...
Gjennomkøyring
Det blir også mykje meir praktisk med gjennomkøyring inne i det «nye» bygget. Vi får sjå teikningane på korleis det vil bli. Det å få dei to portane på plass, krever ein søknad om fasadeendring. Randi meiner det er plass til to innvendige køyrefelt, men det blir lagt opp til berre eit. Ein skal kunne køyre til sides og stå også. - Bygget er stort, så det blir mykje meir plass enn det vi har no. Meir plass gir betre oversikt over kva ein har, både for oss og kunden fortel han fornøgd. Borte i Kloggen skal det no ryddast ut av lokala, og så startar entreprenøren opp i mars. Det har teke tid å komme hit. Ikkje berre fordi planane måtte godkjennast, men òg på grunn av ein dupp i omsetninga i 2022- 2023.
Vedlikehald og vareutvalg
Men i 2024 snudde det. Sidan det har det vore mykje vedlikehald å levere varer til. - I fjor selde eg eit tosifra tal tak, fortel Finn Bjarne. Her er mange hus her som var bygde på slutten av 70-tallet, byrjinga av 80-talet, og som no treng nye tak. Elles har vi alt frå stålplater til limtredragarar. Her er panelplater i Huntonitt, malte eller umalte. Maling sel dei sjølvsagt. Spileplater har dei ikkje teke inn. Der anbefaler han at ein lagar spilene sjølv. No i sprengkulden har han selt mange ovnar og varmevifter. Og dei følger med på kva det er behov for. Akkurat som Dale Sport byrja dei å selge arbeidsklede, då butikken som hadde dette forsvann.
Ny medsjef
Om du ringer til Byggtorget i Dale og spør etter sjefen får du beskjed om at, - vi er no to her. Vi må jo ta avgjerslene i lag, seier Finn Bjarne. Han og kona, Monica Ulltang har drive bygghandelen i Dale sidan 2011, men no har Monica fått jobb i miljøtenesta i kommunen. Ho hadde lyst å gjere noko anna. Ho er framleis medeigar, men Oddvar Alværen er komen inn som medsjef. – Han er forretningsmann og han har starta opp med netthandel for oss, fortel Finn Bjarne. Så no er det mogleg å bestille varene på nett. Begge er klare på at eit godt rykte er viktig. Kundane må verte møtt med respekt, og føle at dei får god hjelp. Elles kjem dei ikkje igjen. - Alle er ikkje fagfolk. Då er vår plikt å rettleie og hjelpe dei, slår begge fast.
Sjel i veggane
Før vi dreg får vi også med oss ei omvising i den gamle tønnefabrikken. Vi får sett Jakob Skadal sin gamle verkstad. Det ser ikkje ut som det er endra sidan han sat her og tok seg av vedlikehaldet. Før det hadde han også transporten. Vidare oppover i bygget ser vi gamle tønner, ein sofa, nokre stolar, og bøker med meir. Det er spennande å gå gjennom alle etasjane. Heilt på toppen kjem vi opp i eit stort ope rom. Christel ser for seg alt frå danselokaler, til kul nattklubb, kanskje ein restaurant. Her sit historia verkeleg i veggane, og golvet er eigentleg flott. Taket lek ikkje, for det har Finn Bjarne fiksa.
– Tenk om dette bygget hadde lege tettare på ein større by. Då hadde det lete seg gjere å drive stort her, meiner ho. Ho minnest ein fest i Stockholm i eit eldre industribygg. 800 Star Tour Fritidsresor tilsette hadde tidenes fest der. Ho ser for seg det same her, men blir reven tilbake til røynda med nokre hint om tilstanden på bygget. Og sjølv om lokala er sjelfulle, så er ikkje nattelivet her like heitt som i Stockholm. Det er ikkje godt å sei kva som skjer med bygget vidare, men historia kan vi ta vare på. Boka «Bøkring i Fjaler» skriven av Fjaler sogelag kan anbefalast.



