På besøk hos Bue Salmon på Bulandet torsdag, fekk vi høyre nytt om satsinga selskapet gjer på landbasert oppdrett. Knut Eikeland inviterte Nytta for å oppdatere og involvere oss. Det er naturleg at vi som samfunns- og næringsutviklingsselskap engasjerer oss i eit prosjekt av denne storleiken, med dei ringverknadane eit så stort antal tilsette vil gje.
Driftsleiar Oddvar Einen, tok med seg sambuaren og flytta heim til Grytøyra då han fekk jobben. Han tok oss med på heile kretsløpet frå inntak av vatn, filtrering og UV-stråling, og til vatnet nådde laksen i dei fire kara og ga god svømmemotstand. Det såg ut som laksen var hoppande glad :-)
FoU-anlegg Erfaringane fra forsknings- og utviklingsarbeidet Bue no gjer på Bulandet, gjer eit godt grunnlag for å forberede storskalaanlegget som skal komme på Lutelandet. Konsesjonen der er på 50.000 tonn og kom i desember 2024. Det er ingen som tidlegare har fått ein så stor konsesjon på landbasert oppdrett.
Arkeologiske utgravninger Dei arkeologiske utgravingane som må til for å frigjere arelealet på Lutelandet, er ferdig for denne gang. Det vil seie at første del av arealet er frigjort for oppstart av grunnarbeid. Når arkeologane kjem tilbake for å ta resten etter påske 2026, blir det ei sperresone slik at anleggsarbeidet kan fortsette på trygg avstand. Han rosar Museet og Universitet i Bergen for gode avklaringar. Det har vore ein veldig bra prosess.
Samarbeidsavtale med Bolaks Samarbeidsavtalen med Bolaks har det gjort mogeleg for Bue Salmon å ta imot og levere 4 millionar fisk. Samtidig som dette gjer salsinntekter i ei tid med store investeringar, har dei òg fått testa ut biologien. Ein har sett at fisken blir stor, at dødelegheita er svært låg, og at kvaliteten er god - 95 % superior god.