3 generasjonar Myklebust Entreprenørar
Jan 8, 2026
Vi er i 2.etasjen på Firda Billag bygget midt i Dale sentrum. og helser på Roy Myklebust i M K Myklebust Entreprenør as. Det er på tide å sette seg litt betre inn i anleggsbransjen. Roy fortel at han overtok leiinga av familieselskapet i1998 etter faren Mass Kjell som starta selskapet i 1971, då som eit personleg selskap. No er også fleire av 3. generasjon Myklebust aktive i selskapet.
Talet på tilsette har auka med åra og selskapet var oppe i 22 tilsette i 2021, men er no redusert til 14 grunna redusert aktivitet i bransjen. Dei er kjent som eit selskap med allsidig kompetanse på dei fleste typar grunnarbeid, lang fartstid og kvalitetsarbeid. Roy er stolt over å seie at dei har hatt mange flinke lærlingar opp gjennom åra og at dei aller fleste av desse har blitt verande i selskapet etter at dei fekk fagbrev. - Det er vel et godt teikn, og det er ein veldig flink gjeng vi har.
Dette er ein kapitalkrevjande bransje med store investeringar og høg risiko. Roy fortel at dei historisk sett, alltid har hatt godt med arbeid foruten dei siste to år, då har tilgang på arbeid vorte drastisk redusert. Dei siste 10 åra har dei hatt mange prosjekt innanfor kraftverksbransjen med Hywer som ein stor kunde. 21 kraftverk har det vorte totalt, og dei fleste i samarbeid med Hafs Betongbygg. – Vi samarbeider godt her i bygda.
Det har dessverre vore mykje stang ut no i haust, fortel Roy. - Tapte nettopp ein god jobb påLutelandet. Den hadde passa oss så bra no i vinter og vi stod klar med folk og maskiner. Men sånn er det nok for dei fleste av våre kollegaer også for tida, konkurransen om dei få oppdraga er stor. Bransjen slit i heile Noreg, og det har kome mange konkursar også blant dei gode gamle selskapa som har eksistert i mange tiår. - Det er trist å sjå at seriøse selskap, uansett bransje må melde oppbod. Som medlem i MEF- Maskinentreprenørenes Forbund, har vi ein solid organisasjon i ryggen med ein framifrå leiar i Julie Brotkob. MEF har fått til veldig mykje bra for bransjen og Julie har veldig gode kontaktar i det politiske miljøet. Difor har vi håp om at bransjen blir høyrd og at betre tider er i vente.
Roy fortel også litt om Asfalt Vest AS, eit selskap han var med drog i gang saman med eit par andre lokale med lang erfaring innan asfaltfaget. Han er opptatt av å skape lokal næring og der er eit marknad i asfaltbransjen. Men asfaltarbeid er ein tøff jobb med høgt tempo og lange dagar. M K Myklebust Entreprenør er engasjert med transport under Asfalt Vest om sommaren og om vinteren er Asfalt Vest engasjert med vinterdrift under M K Myklebust Entreprenør. Slik får ein nytta mannskap og utstyr på en god måte året rundt. Selskapet har vinterdrift for Veidekke, Fjaler Kommune og lokale private bedrifter.
Vi snakka også litt om det grøne skiftet som kjem i full fart. Det er ikkje heilt lagt til rette for det endå, spesielt i distrikta meiner Roy. Han stiller gjerne med elektriske gravemaskiner og lastebilar, men investeringa er bortimot dobbelt så stor som for dieseldrevne maskiner. Då kan ein jo ikkje gjere jobben for same prisen, så oppdragsgjevaren må nok vere innstilt på å betale for gildet.
ISO sertifisering er også noko som er aktuelt å gå for, då det no er stadig meir etterspurt også på mindre jobbar. Det er etterkvart mange som har ISO sertifisering, men fleirtalet av dei små og mellomstore entreprenørane har den nok ikkje enno.
Selskapet har opp gjennom åra hatt mykje oppdrag for Fjaler Kommune, og samarbeidet har vore framifrå, men han har eit hjartesukk. Bedrifter i Fjaler treng næringsareal, og det har vore ein seig prosess. Kommunen har aldri hatt næringsareal å tilby, slik Hyllestad og Askvoll har. Hadde han hatt tilgang til et større areal og på eit tidlegare tidspunkt hadde dei nok bygd ein større verkstad-hall, med mekanisk aktivitet som sveising og reparasjon av anleggs- og jordbruks utstyr. Han ser at bygda manglar slike tenester og meiner det er mange moglegheiter for næring berre det er nokon som vil ta tak i det.



